Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

Gutar med høgare nivå av miljøgifter kom seinare i puberteten

Forskarar ved Universitetet i Bergen, Haukeland Universitetssjukehus og Folkehelseinstituttet har undersøkt samanhengar mellom nivå av miljøgifter i blodet og pubertetsutvikling hjå 300 gutar i Bergen. Resultata viste at dei med høgare nivå av miljøgifter kom seinare i puberteten. 

Illustrasjonsbilde av ung mann på badet som ser seg i speilet
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Gruppa miljøgifter som blei analysert, kalla per- og poly- fluoralkyl stoff (PFAS), består av kjemikaliar som blir brukte i kvardagsprodukt som klede, kosmetikk og matemballasje. Mange av desse stoffa blir brotne ned svært sakte, og hopar seg opp i naturen og i menneske. Nesten alle menneske på jorda har PFAS i blodet, med mat og drikkevatn som dei største eksponeringskjeldene.

PFAS har hormonforstyrrande eigenskapar, men få studiar har sett på samanhengar mellom PFAS-nivå og pubertetsutvikling, særleg hjå gutar. 

PFAS-nivå blei målt hjå born i alderen 6-16 år som ein del av Vekststudien i Bergen 2 frå 2016. I tillegg til miljøgifter, undersøkte forskarane ulike markørar for pubertet, inkludert ultralydmålt testikkelvolum, testosteronnivå og gradering av kjønnshår.

Resultata frå studien viste at dei med høgare PFAS-nivå hadde mindre testikkelvolum og lågare testosteronnivå samanlikna med sine jamnaldrande. 

Sjølv om det er publisert få liknande studiar tidlegare, er funna i tråd med det ein har sett i dyrestudiar.

– Vi sit på unike data, og er dei første som har brukt ultralyd når ein undersøker samanhengen mellom PFAS-nivå og pubertet hjå menneske. Korleis PFAS kan forstyrre hormonbalansen og pubertetsutvikling er framleis uklårt.

– Vi treng meir forskning for å forklare desse mekanismane, seier Ingvild Halsør Forthun, doktorgradsstipendiat ved Klinisk institutt 2, UiB.

Vidare vil forskningsgruppa undersøke PFAS-nivå og pubertetsdata frå jentene i Vekststudien i Bergen 2.

Forskningsartikkelen er tilgjengeleg her: https://pubs.acs.org/doi/full/10.1021/acs.est.4c06062?fbclid=IwY2xjawFLfgVleHRuA2FlbQIxMAABHVvYR6l8GZm4SheoSfJHN5gUBSzW0g37mzRqsYJi6QyIMwZHCN6M5Pct-w_aem_Qrork2FPjTlT6iGcDGGyUg

Høyr også innslag om studien i NRK Vestland: https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-vestland/sesong/202409/DKHO03007224#t=1h13m35s