Medisinstudiet campus Bergen
Studentar på campus Bergen vil studere i Bergen under heile medisinstudiet, utanom enkelte praksisperiodar. Du blir del av eit stort kull med 165 studieplassar. Studentmiljøet er sterkt i Bergen, og utanom undervisning kan du velje mellom ei rekkje ulike studentorganisasjonar å engasjere deg i.
Hovedinnhold
Om campus Bergen
Campus Bergen er ein del av UiBs hovudcampus. Her møter du ikkje berre medisinstudentar, men også studentar frå farmasi, ernæring, tannhelse og mange andre fagfelt. Mykje av undervisninga vil vere i eit sjukehusmiljø, men du vil også vere tett på primærhelsetenesta i løpet av dei kliniske semestra.
Du vil møte engasjerte og erfarne undervisarar. Undervisninga varierer mellom større førelesingar og meir oppgåvebasert undervisning i mindre grupper. Som student på campus Bergen er du ein del av eit stort kull, der kulturen er prega av støtte og godt samhald. Som del av eit stort kull kan du finne ut akkurat kven du trivst best med.
Du har tilgang til bibliotek, kantine, lesesalar og grupperom. Du kan også nytte Medisinsk ferdigheitssenter på BB-bygget. Her kan du teste ulike prosedyrar, få hjelp av erfarne studentar og delta på ulike kurs.
Utanom undervisning er det ei rekkje studentorganisasjonar du kan engasjere deg i. Du kan finne både medisinsk-faglege organisasjonar, eigne kor, idrettsorganisasjonar eller politiske organisasjonar å bli ein del av. I tillegg har Bergen mange studentorganisasjonar som er opne for alle studentar.
Bergen kan by på både eit rikt kulturliv for studentar, og vakre naturopplevingar. Det er kort veg til fleire av byens mange fjell frå campus når du treng eit avbrekk frå lesesalen. Det blir arrangert ei rekkje studentaktivitetar som du kan delta på, og det finst fleire konsertscener og andre kulturtilbod for studentar.
Studiets oppbygging
Sjå studieprogramsida for medisin for å sjå kva for emne du skal ta dei første tre åra av studiet.
Ved campus Bergen vert studentkullet delt i eit A- og eit B-kull frå og med hausten fjerde studieår. Den eine delen av kullet held fram på studiet utan opphald (A-kull), og den andre delen av kullet tek ein «fritermin» på eitt semester (B-kull). Studentar kan i friterminen reise på utveksling, ta eit kurs i global helse med feltopphald i Asia eller Afrika, ta opne emne eller ta ein pause frå studia.
4. studieår:
- MED7 - Sjuande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- MED8 - Åttande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
5. studieår:
- MED9 - Niande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- MEDOPPG - Hovudoppgåve (20 studiepoeng) (Innlevering)
- MED10 - Tiande semester medisinstudiet (13 studiepoeng)
6 studieår:
- MED11 - Ellevte semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- MED12 - Tolvte semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
Merk: Det kan skje mindre strukturelle endringar i studieprogrammet (som rekkjefølgje på emne o.l.), då studieplanen er under revisjon.