Medisinstudiet campus Bergen
Studentar på campus Bergen vil studere i Bergen under heile medisinstudiet, utanom enkelte praksisperiodar. Du blir del av eit stort kull med 165 studieplassar. Studentmiljøet er sterkt i Bergen, og utanom undervisning kan du velje mellom ei rekkje ulike studentorganisasjonar å engasjere deg i.
Main content
Om campus Bergen
Campus Bergen er ein del av UiBs hovudcampus. Her møter du ikkje berre medisinstudentar, men også studentar frå farmasi, ernæring, tannhelse og mange andre fagfelt. Mykje av undervisninga vil vere i eit sjukehusmiljø, men du vil også vere tett på primærhelsetenesta i løpet av dei kliniske semestra.
Du vil møte engasjerte og erfarne undervisarar. Undervisninga varierer mellom større førelesingar og meir oppgåvebasert undervisning i mindre grupper. Som student på campus Bergen er du ein del av eit stort kull, der kulturen er prega av støtte og godt samhald. Som del av eit stort kull kan du finne ut akkurat kven du trivst best med.
Du har tilgang til bibliotek, kantine, lesesalar og grupperom. Du kan også nytte Medisinsk ferdigheitssenter på BB-bygget. Her kan du teste ulike prosedyrar, få hjelp av erfarne studentar og delta på ulike kurs.
Utanom undervisning er det ei rekkje studentorganisasjonar du kan engasjere deg i. Du kan finne både medisinsk-faglege organisasjonar, eigne kor, idrettsorganisasjonar eller politiske organisasjonar å bli ein del av. I tillegg har Bergen mange studentorganisasjonar som er opne for alle studentar.
Bergen kan by på både eit rikt kulturliv for studentar, og vakre naturopplevingar. Det er kort veg til fleire av byens mange fjell frå campus når du treng eit avbrekk frå lesesalen. Det blir arrangert ei rekkje studentaktivitetar som du kan delta på, og det finst fleire konsertscener og andre kulturtilbod for studentar.
Studiets oppbygging
Sjå studieprogramsida for medisin for å sjå kva for emne du skal ta dei første tre åra av studiet.
Ved campus Bergen vert studentkullet delt i eit A- og eit B-kull frå og med hausten fjerde studieår. Den eine delen av kullet held fram på studiet utan opphald (A-kull), og den andre delen av kullet tek ein «fritermin» på eitt semester (B-kull). Studentar kan i friterminen reise på utveksling, ta eit kurs i global helse med feltopphald i Asia eller Afrika, ta opne emne eller ta ein pause frå studia.
4. studieår:
- MED7 - Sjuande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- MED8 - Åttande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
5. studieår:
- MED9 - Niande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- MEDOPPG - Hovudoppgåve (20 studiepoeng) (Innlevering)
- MED10 - Tiande semester medisinstudiet (13 studiepoeng)
6 studieår:
- MED11 - Ellevte semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- MED12 - Tolvte semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
Merk: Det kan skje mindre strukturelle endringar i studieprogrammet (som rekkjefølgje på emne o.l.), då studieplanen er under revisjon.
Om overgang mellom campusane
Det er ikkje mogleg å søkje om intern overgang mellom studieløpa/campusane på medisinstudiet. Ein student med opptak til til dømes studieløp Bergen som ønskjer å bytte til studieløp Bergen/Stavanger, må søkje om nytt opptak på vanleg måte i Samordna opptak. Når ein takkar ja til nytt opptak, mistar ein automatisk studieretten på det førre studieløpet og kullet sitt.
Etter nytt opptak treng studenten ikkje gjenta dei emna hen allereie har bestått, men studenten får ikkje automatisk opprykk til sitt opphavlege årskull. Studenten må søkje om opprykk, og dette er avhengig av at det er ledig plass på det aktuelle kullet. Dersom det ikkje er ledig plass, må studenten starte med det kullet som er tildelt etter nytt opptak, og følgje progresjonen derfrå. Fakultetet overbookar alle studieprogram noko ved opptak for å kompensere for forventa fråfall. Det er dermed ikkje slik at ein student som sluttar automatisk gir ein ledig plass på kullet.
Opptak til forskarlinja og komande forskarlinjepermisjon gir ikkje rett til mellombels opprykk dersom det elles ikkje er plass på kullet.