Medisinstudiet campus Bergen/Stavanger
Som student på campus Bergen/Stavanger, vil du ta studieår 1.-3. i Bergen og studieår 4.-6. i Stavanger. Det er 40 studieplassar på denne campusen. Som del av eit lite kull vil du få tett oppfølging frå undervisarar og andre tilsette.
Hovedinnhold
Om campus Bergen/Stavanger
Dei fyrste tre studieåra vil du bo og studere i Bergen. Du får moglegheit til å bli kjend med mange andre medisinstudentar, då mykje av undervisninga vil vere saman med studentar frå campus Bergen og campus Bergen/Førde.
Etter tre studieår i Bergen, flyttar du saman med resten av kullet ditt til Stavanger. Her vil undervisinga vere på eller ved Stavanger universitetssjukehus. Med eit kull på 40 stykk blir du godt kjent med dine medstudentar. Du får også tett oppfølging frå undervisarar, og mykje ferdigheitstrening. Det leggjast opp til at du deltek aktivt i undervisninga, ettersom mykje av undervisinga skjer i mindre grupper.
Undervisinga i dei tre åra i Stavanger er klinikknær, og du vil ha tilgang til eit ferdigheitssenter på sjukehuset kor du kan teste ulike medisinske prosedyrar. Stavanger universitetssjukehus opnar eit nytt bygg i hausten 2025. I same område som det nye sjukehuset, vil du ha tilgang til både grupperom og leseplassar som du kan nytte.
Som student i Stavanger vil du kunne melde deg inn i ulike studentorganisasjonar, eller opprette heilt nye organisasjonar med hjelp frå SiS. I starten av 2025 vil det opne eit stort studenthus som skal romme ein rekkje ulike studenttilbod. Det blir studentbar, klatrehall, scene, tannklinikk og mykje meir. Se kva meir som kjem på SiS studenthus. Studenthuset vil vere i gå-avstand frå sjukehuset.
Oppbygging
Sjå studieprogramsida for medisin for å sjå kva for emne du skal ta dei fyste tre åra av studiet. I starten av kvart vårsemester er det ein elektiv periode, då du kan ta elektive, altså valfrie, emne. Du skal totalt ta 12 studiepoeng i valfrie emne, og kan velje kva for semester du vil ta dei i.
4. studieår:
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- MEDSTAV7 - Sjuande semester Vestlandslegen Stavanger (22 studiepoeng)
- MEDSTAV8 - Åttande semester Vestlandslegen Stavanger (24 studiepoeng)
- Hovudoppgåve del 1
5. studieår:
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- MEDSTAV9 - Niande semester Vestlandslegen Stavanger (24 studiepoeng)
- MEDSTAV10 - Tiande semester Vestlandslegen Stavanger (24 studiepoeng)
- Hovudoppgåve del 2
6. studieår:
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- MEDSTAV11 - Ellevte semester Vestlandslegen Stavanger (27 studiepoeng)
- MEDSTAV12 - Tolvte semester Vestlandslegen Stavanger (27 studiepoeng)