Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Medisinstudiet

Medisinstudiet campus Bergen/Stavanger

Som student på campus Bergen/Stavanger vil du ta studieår 1–3 i Bergen og studieår 4–6 i Stavanger. Det er 40 studieplassar på denne campusen. Som del av eit lite kull vil du få tett oppfølging frå undervisarar og andre tilsette.

Main content

Om campus Bergen/Stavanger 

Dei første tre studieåra vil du bu og studere i Bergen. Du får moglegheit til å bli kjend med mange andre medisinstudentar i tillegg til ditt eige kull, då mykje av undervisninga vil vere saman med studentar frå campus Bergen, campus Bergen/Førde og campus Bergen/Haugesund.

Etter tre studieår i Bergen flyttar du saman med resten av kullet ditt til Stavanger. Her vil undervisninga vere på eller ved Stavanger universitetssjukehus. Med eit kull på 40 studentar blir du godt kjend med medstudentane dine. Du får også tett oppfølging frå undervisarar og mykje ferdigheitstrening. Det blir lagt opp til at du deltek aktivt i undervisninga, ettersom mykje av undervisninga skjer i mindre grupper.

Undervisninga i dei tre åra i Stavanger er klinikknær, og du vil ha tilgang til eit ferdigheitssenter på sjukehuset der du kan øve på ulike medisinske prosedyrar. Stavanger universitetssjukehus opna eit nytt bygg på Ullandhaug hausten 2025. Her vil mesteparten av undervisninga og studentaktivitetane gå føre seg. Ved det nye sjukehuset har UiB nyoppussa areal i Arkivenes hus, der du vil ha tilgang til både moderne grupperom og leseplassar.

Som student i Stavanger vil du kunne melde deg inn i ulike studentorganisasjonar eller opprette heilt nye organisasjonar med hjelp frå SiS. I 2025 blei det opna eit stort studenthus med ein rekkje ulike studenttilbod. Det er studentbar, klatrehall, scene, tannklinikk og mykje meir. Les meir om SiS studenthus. Studenthuset ligg tett på det nye sjukehuset og Arkivenes hus.

Studiets oppbygging 

Sjå studieprogramsida for medisin for å sjå kva for emne du skal ta dei fyste tre åra av studiet.

4. studieår:    

5. studieår:   

6. studieår:    

Merk: Det kan skje mindre strukturelle endringar i studieprogrammet (som rekkjefølgje på emne o.l.), då studieplanen er under revisjon.

Overgang mellom campusane

Det er ikkje mogleg å søkje om intern overgang mellom studieløpa/campusane på medisinstudiet. Ein student med opptak til til dømes studieløp Bergen som ønskjer å bytte til studieløp Bergen/Stavanger, må søkje om nytt opptak på vanleg måte i Samordna opptak. Når ein takkar ja til nytt opptak, mistar ein automatisk studieretten på det førre studieløpet og kullet sitt.

Etter nytt opptak treng studenten ikkje gjenta dei emna hen allereie har bestått, men studenten får ikkje automatisk opprykk til sitt opphavlege årskull. Studenten må søkje om opprykk, og dette er avhengig av at det er ledig plass på det aktuelle kullet. Dersom det ikkje er ledig plass, må studenten starte med det kullet som er tildelt etter nytt opptak, og følgje progresjonen derfrå. Fakultetet overbookar alle studieprogram noko ved opptak for å kompensere for forventa fråfall. Det er dermed ikkje slik at ein student som sluttar automatisk gir ein ledig plass på kullet.

Opptak til forskarlinja og komande forskarlinjepermisjon gir ikkje rett til mellombels opprykk dersom det elles ikkje er plass på kullet.