Hjem
Det medisinske fakultet

To kandidatar i Forsker grand prix 2013 frå Det medisinsk-odontologiske fakultet

På fire minutt kvar skal stipendiatane Henriette Christie Ertsås og Nils Petter Oveland formidle sine forskingsprosjekt med engasjement og overtyding, i konkurranse med åtte andre unge bergensforskarar.

Hovedinnhold

Det er i høve Forskingsdagane i Bergen 2013 at dei entusiastiske forskarane skal tevle om heider og ære i Forsker grand Prix. Henriette Christie Ertsås (Institutt for biomedisin) forskar mellom anna på brystkreft og celleidentitet, medan Nils Petter Oveland (Klinisk institutt 1) sitt doktorgradsarbeid handlar om bruk av ultralyd for å oppdage punktert lunge hjå traumepasientar.

Les meir om kandidatane og forskinga deira her.

Fleire av dei andre kandidatane er også knytt til fakultetet på ulike måtar: Randi Brendbekken stiller for Uni Helse, men har band til Klinisk institutt 1. Silja Torvik Griffiths stiller for Haukeland Universitetssjukehus, og er stipendiat ved Klinisk institutt 2.

Tevlinga finn stad torsdag 19. september kl. 19.00 på Røkeriet, USF Verftet, og det populære arrangementet er allereie fullt. Dei to beste går vidare til den nasjonale finalen, som finn stad den 28. september i Oslo.

Fakultetet ynskjer alle fire kandidatane lukke til!

Du kan lese alt om Forsker grand prix på nettsidene til Forskingsdagane i Bergen.