Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Markering

Takka av etter lang og innhaldsrik teneste

Professor i historie, Knut S. Vikør, har gått av med pensjon.

Bilde av Knut Vkør og Teemu Ryymin
Frå venstre: Professor Knut Vikør og instituttleiar Teemu Ryymin
Foto/ill.:
Bjørg A. Teigland, AHKR

Hovedinnhold

Kollegaer, vener og familie samla i Knut Fægris hus seg for markering av Knut Vikørs lange og innhaldsrike karriere ved UiB.

Knut Vikør vart i 1979 cand.polit. ved Universitetet i Bergen med hovudfag i historie, mellomfag i sosialantropologi og grunnfag i statsvitskap. Vidare vart det arabiskstudiar ved Universitetet i Oslo, og han hadde studieopphald ved universiteta i Birmingham og i London (SAOS), og i Kairo. I 1984 – 1986 var Vikør NAVF- stipendiat med arbeidsstad ved Historisk institutt ved UiB. I 1987 vart han tilsett som konsulent ved UiB, for å utreie ein organisasjonsmodell for Senter for midtausten- og islamske studiar, senteret som han året etter vart dagleg leiar for. I 1992 vart Vikør doktor philos med avhandlinga Sufi and Scholar on the Desert Edge. Muhammad bin Ali al-Sanusi (1787-1859). Frå 2002 vart Vikør tilsett ved Historisk institutt.

Forskinga til Vikør har dreia seg frå økonomisk/politisk historie i Sahara og land omkring til studiar av Islam i Afrika, spesielt islamsk mystikk i Nord-Afrika på 1700- og 1800 talet. Mykje av forskinga har vore mogleg å gjere på grunn av den særs breie språkkompetansen til Vikør, noko som vart trekt fram i fleire av talane på markeringa. I tillegg til dei fleste store europeiske språk, er også arabisk og persisk med på språklista.

Både dekan Camilla Brautaset og instituttleiar Teemu Ryymin trekte fram formidlar- og administratorevnene til Knut Vikør. 

Som administrator har Vikør vore sentral i oppbygginga av Senter for midtausten- og islamske studiar, og i å bygge og å utvikle, saman med gode kollegaer, midtaustens historie som eit sterkt forskings- og undervisningsfelt. Vikør har også hatt mange verv, blant anna som medlem av fakultetsråd, instituttråd og som forskingskoordinator i instituttleiinga ved AHKR.

Vikør har også sett spor etter seg gjennom si enorme formidlingsverksemd, med mengder av kommentartiklar, bokmeldingar og anna. Han har også vore mykje brukt som mediekommentator i saker om Nord-Afrika og Midtausten. I 2014 vart Vikør heidra med HF sin formdlingspris.