Hjem
Aktuelt
Årskavalkade

Tilbakeblikk på UiB-året 2022

Her er nokre av sakene som har prega året ved Universitetet i Bergen.

Illustrasjonsfoto til kavalkade 2022
Smakebitar frå universitetsåret. Venstre rekke, frå toppen: Rekorddeltaking under UiB-fana i Pride-paraden, Jill Walker Rettberg og Scott Rettberg fekk ei av to SFF-tildelingar til UiB og kunne feire med rektor Margareth Hagen, lysinstallasjon på tomta der det nye Griegakademiet skal kome. Til høgre: Universitetsmuseet lyst opp med ukrainske fargar, og studentar på Statsraad Lehmkuhl under One Ocean Expedition.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Det har vore eit innhaldsrikt år, med mange høgdepunkt for forsking og utdanning ved Universitetet i Bergen. Om lag 90 studentar fekk tidlegare i år delta på eit unikt eventyr om bord på Statsraad Lehmkuhl, der dei studerte bærekraft som del av jordomseglinga One Ocean Expedition. Vi har også feira Skeivt kulturår, med rekorddeltaking i Pride-paraden. På tampen av året kom gladmeldinga frå regjeringa om at arbeidet med nytt bygg til Griegakademiet kan halde fram. No håpar både studentar, tilsette og kultur-Noreg på finansiering og byggestart i nær framtid.

Det har også vore eit alvorstungt år - der krigen i Ukraina har prega både universitetsmiljøet og samfunnet forøvrig. Av dei 1000 studieplassane regjeringa oppretta som følge av flyktningkrisa i Ukraina, vart UiB tildelt 125 plassar. Mange av UiB sine forskarar har også vore aktive deltakarar i samfunnsdebatten, for å belyse ulike tematikkar i forbindelse med krigen.

Dei første tildelingane frå EU sitt nye forskingsprogram Horisont Europa vart annonsert i 2022, og totalt seks nye UiB-forskarar har i år fått ERC-tildeling. I september tildelte Norges forskingsråd også to nye senter for framifrå forsking (SFF) til UiB. Ved Senter for digitale fortellinger og Bergen Centre for Ethics and Priority Setting in Health skal ein dei neste 10 åra høvesvis forske på korleis våre liv i aukande grad vert styrte av algoritmar, og korleis samfunnet på ein rettferdig og effektiv måte kan prioritere innan folkehelse og velferd.

Her er nokre smakebitar på det som prega Universitetsåret 2022:

Smakebitar frå universitetsåret 2022