Hjem
Institutt for sosialantropologi
Nyhet

Ledig stilling som undervisingsassistent

Institutt for sosialantropologi søkjer undervisingsassistent for vårsemesteret 2023.

Blur båt illustrasjon bak logo inst. for sosialantropologi
Foto/ill.:
Silje Fjærestad-Tollefsen/Nina B. Dahl

Hovedinnhold

Vitskapleg assistent (undervisingsassistent) er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Som undervisingsassistent er arbeidsoppgåvene særleg knytt til arbeidsgruppeleiing og samarbeid med emneansvarleg. 

Våren 2023 har vi for tida ein undervisingsassistent og har behov for ein til, frå 2. januar til 2. juni 2023.

Arbeidsoppgåver

Det vil vere behov for undervisningsassistentar i SANT102, SANT103, SANT275 og SANT215, og ein vil ha ansvar for to av desse. 
Undervisningsassistentane skal leie 3-6 arbeidsgrupper og jobbe tett med emneasvarleg i dei aktuelle emna. Arbeidsoppgåvene vil i tillegg vere:
•    Kommentere obligatoriske oppgåver 
•    Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar i sosialantropologi, spesielt dei heilt ferske studentane 
•    Gjere førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i

Utover dette kan det vere behov for undervisingsassistanse i vidareutdanningsemnet i sosialantropologi, SANT660.

Kvalifikasjonar

•    Mastergrad i sosialantropologi
•    God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig 
•    God administrativ IT-kompetanse
•    Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrjinga av semesteret 

Personlege eigenskapar

•    Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
•    Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
•    Fleksibel og arbeidsvillig
•    Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
•    Gode pedagogiske evner er ein fordel

Vi kan tilby

•    Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
•    Løn som vitskapeleg assistent (kode 1020) etter lønssteg 51 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida mellom 456 400,- brutto. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
•    Medlemskap i Statens Pensjonskasse
•    Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
•    Gode velferdsordningar

Søknad 

Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast til Nina.Dahl@uib.no. Ved spørsmål ta kontakt på e-post eller 55 58 94 51.

Søknadsfrist: 04.11.2022