Hjem
Institutt for sosialantropologi
antropologer i arbeidslivet

Seniorrådgjevar for folkehelse og integrering i Vestland fylkeskommune

Kristine Sunde Fauske jobba tidlegare som integreringsrådgivar i Voss herad, og jobbar no som seniorrådgjevar i eininga folkehelse og integrering i Vestland fylkeskommune.

Hovedinnhold

Min antroutdanning er kjempeviktig i mitt daglige arbeid! Eg føler at eg er på feltarbeid kvar einaste dag, og er utruleg glad for den krysskulturelle kompetansen utdanninga mi har gitt meg.

Fullført grad: 2007

Kan du fortelja litt om arbeidet ditt? Kva er dei konkrete arbeidsoppgåvene dine?

Eg er tilsett som seniorrådgjevar på eininga folkehelse og integrering i Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen er ansvarleg for det regionale integreringsarbeidet, skal anbefale busettingstal til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, støtte opp under frivilligheitsarbeid rundt inkludering og integrering i fylket, forvalte tilskot på inkluderingsfeltet, ha det overordna, regionale samfunnsansvaret knytt til førebygging av tvangsekteskap, negativ sosial kontroll, og vald knytt til ære, og skal syte for at fylkespolitikarane har eit godt kunnskapsgrunnlag når dei skal fatte vedtak på inkluderingsfeltet. 

Min 'typiske' arbeidsdag er vanskeleg å beskrive. Dømer på konkrete arbeidsoppgåver eg gjer er å skrive politiske sakar, lage webinarar og konferansar, rådgje kommunane når dei tek kontakt, møte med samarbeidspartnarar, kommunikasjonsarbeid (lager nettsider osb.), og bidra inn i strategi- og planprosessar. I tillegg held eg meg oppdatert på kva som skjer på mangfaldsfeltet.
 

Kva er det beste med jobben din – og det mest utfordrande?   

Det beste med jobben min no er at eg får lov til å arbeide på eit overordna strategisk nivå, samstundes som eg får nytta erfaringa mi frå kommunal sektor. Røynsle frå førstelina er verdifull for å forstå korleis overordna strukturar slår ut i dagleglivet på bakken. Me i fylkeskommunen kan til dømes bli spurt om å vurdera eit lovforslag som foreslår å gjere arbeidspraksis for Ukrainarar pålagt frå dag éin etter at dei startar på introduksjonsprogram i kommunen. Då er det nyttig å ha jobba med etablering av praksisplassar for flyktningar tidlegare. 

Det mest utfordrande er at eg ikkje får vere like 'hands on' som eg var i kommunen - som regional utviklingsaktør må fylkeskommunen halde seg på eit overordna nivå, og ikkje gå seg vill i detaljane. 

Har du hatt andre stillingar/jobbar etter endt utdanning? 

Eg har jobba 7 år som integreringsrådgjevar i kommunalt flyktningarbeid i Voss herad, og i nesten 3 år som politisk sekretær i Porsanger kommune i Finnmark. 

Kva skrev du bachelor- og/eller masteroppgåve om?

Eg skreiv bacheloroppgåve om samar og nordmenn, og masteroppgåve om maori og Pakeha. Begge oppgåvene tok for seg diskursar knytt til urfolksspørsmål og til nasjonsbyggingsprosessar.

Korleis er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?

Antroutdanninga mi er kjempeviktig i mitt daglege arbeid! Eg føler at eg er på feltarbeid kvar einaste dag, og er utruleg glad for den krysskulturelle kompetansen utdanninga mi har gitt meg. Antropologien gir meg ein metodikk for å sjå på samanheng mellom overordna strukturar og hendingar på bakken. Denne evna til å veksle mellom makro- og mikroperspektiv har vore nyttig, både i utøvinga av faget og i organisasjonsbyggingsprosessar på arbeidsplassen. Vidare har antropologi gitt meg trening i å dekonstruere omgrep og ‘plukke frå kvarandre’ komplekse prosessar for å sjå samanhengar. 

Ei anna viktig lærdom eg har med frå antropologien er perspektivet på makt og asymmetriske maktrelasjonar. Eg trur fleire som arbeider i det offentlege, med det som mange ser på som ‘svake’ grupper, kunne hatt godt av å reflektere meir rundt sin maktposisjon vis-á-vis dei som dei skal rettleie.

Korleis opplevde du overgangen frå studium til arbeidsliv? Har du nokre tips til noverande studentar?  

Overgangen frå studie til arbeidsliv var tøff på same måte som alle livsfaseendringar er tøffe. Eg vil råde studentar til å ikkje miste motet, bygg nettverk over alt der du kan, skaff deg ein mentor, ver nysgjerrig på alt, delta i frivilligheit og organisasjonsliv, og ver raus med deg sjølv og andre. 

Du lyt vera villig til å flytta på deg når du søker jobb. Det er rift om stillingane, og det kan vere du må utvide søket ditt om du skal få napp. Små arbeidsplassar har òg ein tendens til å vere mindre spesialiserte enn dei store, så det kan vere du vil få meir varierte oppgåver der enn du ville fått i ein stor by.

Kvifor valde du å studera sosialantropologi?  

Eg valde å studere sosialantropologi på grunn av eit TV-program kor nokre tyske forskarar hadde gått inn på ein pub og hengt ei jakke over ein stol. Ut over kvelden blei puben stappfull av gjester, men ingen av dei satt seg der kor jakka hang. Me som såg på visste sjølvsagt at stolen ikkje eigentleg var oppteke, og det blei med eitt klart for meg at mykje av menneskeleg oppferdsel er styr av reglar som gjeld berre fordi me alle er einige om at dei skal gjelde. Kort sagt valde eg å studere antropologi fordi eg er fascinert av menneskeleg oppferdsel; kombinasjonen av det uføreseielege og det kreative, kopla med kjensla av at det er noko usett som styrer all denne åtferda. 

Kva synest du var det beste med studietida ved UiB?

Det beste med studietida mi ved UiB var dei eg trefte der. Fleire av dei er framleis gode vener, mange år etter at me tok eksamen, og kjem nok til å bety mykje for meg resten av livet!

 

Publisert første gong 2017. Oppdatert 2024.