Hjem
Institutt for geovitenskap
Masterprosjekt - Klima / Geofarer

Kartlegging av skredavsetningar i og langs med Kjøsnesfjorden i eit klimaperspektiv

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse

Skred utløyst av nedbør er forventa å auke i førekomst som følgje av klimaendringar i Norge. Like fullt er det påfallande at i perioden då det var varmast og mest nedbør i løpet av dei siste 10 000 år, syner ulike geologiske arkiv låg skredaktivitet i Norge. Dette samsvarar såleis ikkje med den forventa auken i skredaktivitet i eit varmare klima i framtida. I denne oppgåva skal ein kartleggje tidlegare skredhendingar langs Kjøsnesfjorden for å karakterisere ulike typar skred som har gått i og langs Kjøsnesfjorden, og kunne undersøkje skredfrekvensen over lengre tidsperiodar i området.

Landskapet langs Kjøsnesfjorden er karakterisert med bratte fjellsider omgitt av høge fjell. I dei bratte dalsidene ser ein tydeleg spor etter tidlegare skredaktivitet. Langs med Kjøsnesfjorden har det gått ei rekkje skred i historisk tid, og ved rv.5 mellom Kjøsnes og Lunde har ein registrert over 100 snø- eller lausmasseskred dei siste 30-40 åra (sjå fig.1). Det aktive prosessmiljøet har avsett store mengder materiale i Kjøsnesfjorden, og i denne oppgåve freistar ein å nytte høgoppløyseleg batymetriske data for å kartlegge skredavsetningar i Kjøsnesfjorden. CHIRP data vert nytta for å kartlegge lagrekkja i Kjøsnesfjorden og for å identifisere skredavsetningar, og kan bli supplert med sedimentkjernetaking frå utvalde delar av bassenget.

Arbeidet vil bestå av ei detaljert kartlegging av skredprosessar i nedslagsfeltet til Kjøsnesfjorden ved hjelp av høgoppløyselege LIDAR-data frå Kartverket. Kartlegginga av skredavsetningar i Kjøsnesfjorden vil supplere funn på land og kunne svare på følgjande forskingsspørsmål:
- Kva er den romlege utbreiinga av skredavsetningar på land og i Kjøsnesfjorden?
- Kan geofysiske og høgoppløyseleg batymetriske metodar avdekkje tidlegare skred i Kjøsnesfjorden?
- Har skredfrekvensen i området endra seg over tid, og vært påverka av klimaendringar?
- Kopling mot sedimentarkiv?

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)
GEOV217 / Geofarar (10 stp)
GEOV302 / Dataanalyse i geovitskap (10 stp)
GEOV226 / Felt og lab metodekurs (10 stp)
GEOV228 / Kvartær geokronologi (10 stp)
GEOV322 / Master ekskursjon i kvartærgeologi (5 stp)
GEOV222 / Paleoklimatologi (10 stp)
GEOV324 / Paleoklima i polare strok ( stp)

Felt- lab- og analysearbeid
I forkant av feltarbeidet er det naudsynt å gjere ein detaljart kartlegging av skredformer ved hjelp av flyfoto og LIDAR-data frå Kartverket. Feltarbeidet vil bestå av ei veke for innsamling av høgoppløyseleg batrymetri av innsjøen, samt geofysiske data frå utvalde områder i Kjøsnesfjorden. Korte sedimentkjerner vil bli henta frå utvalde områder for å verifisere dei geofysiske data frå innsjøen. I ettertid må det påreknast 2-3 månader arbeid med prosessering av data innsamla ved hjelp av geofysiske metodar, samt labarbeid av sedimentkjernane på EARTHLAB.