Hjem
Institutt for geovitenskap

Fant 7500 år gammel furustokk i Hyen i Nordfjord

Vegbygging ved Ommedalsstøylen avdekket den eldste furuen som er datert i Sogn og Fjordane.

Hovedinnhold

Professor Atle Nesje ved Institutt for geovitenskap, UiB, mener formidling av slike funn er viktig fordi de kan være med å supplere den kunnskapen vi har om klimautviklinga etter siste istid. Her forteller han om dette funnet og den vitenskapelige betydningen av det:

Funne i myr under vegbygging

Furustokken vart funnen ved Ommedalsstøylen i Hyen i Nordfjord av Sivert Ommedal og Kåre Teigland, som er grunneigarar i området. Dei fann den i samband med vegbygging i 2012. Årsaka til at denne furustokken vart levert til datering var at det i dag ikkje finst furuskog ved Ommedalsstøylen som ligg 550 meter havet, og at dei som fann den derfor syntest at det var rart å finne ein furustamme der. Den gongen furua vaks der var gjennomsnittstemperaturen om sommaren om lag ei grad høgare enn i dag. 0,6 grader utgjer rundt 100 høgdemeter på skoggrensa, og dermed kunne furua vekse om lag 170 meter høgare til fjells då enn no.

Som om den var felt for ei veke sidan

Furustammen er heilt frisk og hard. Årringane er tydelege og stammen har også bark. Det er som om den var felt for ei veke sidan og seinare tørka. Diameteren på stokken etter tørking er om lag 20 cm (sjå figur 1). Grunnen til at den har halde seg så godt er at den har lege i ei myr utan tilførsel av luft alle desse åra. Den er nærmast blitt hermetisert i myra.

Dei indre ringane er ikkje helt konsentriske, men breiare på 'nedsida' under linjalen på biletet. Anten stod treet litt skeivt, eller skiva stammar frå ’kneet’ nær rota og/eller at krona var asymmetrisk med fleire greiner på nedsida. På oversida av linjalen liknar årringmønsteret meir på ein vanleg alderstrend, medan minkinga av ringbreidda på nedsida tyder på ein stabilisering av veksten etter ring 40. Årringane i stokken vart monaleg smalare då treet var om lag 40 år, noko som kan skuldast kaldare somrar. Elles kan ein vekstreduksjon også vere relatert til konkurranse mellom nabotre (tettare bestand), ein lettare krune-/rotskade eller, sett at treet stod i eit vått miljø (vart dekka av myr til slutt), ei heving av grunnvassnivået på staden.

Kor gamal?

Ei flis ytst på trestamma vart send til eit dateringslaboratorium i Poznan i Polen. 14C-dateringa viste at stokken er vel 7500 år gamal (nøyaktig datering: 5674-5628 år f.Kr./7624-7578 år før 1950). Talet på årringar tyder på at furua var 80-90 år gammal då den hamna i myra.

Ein årringserie frå finsk Lappland går tilbake til 5634 f.Kr., noko som betyr minimalt overlapp dersom 14C-dateringa av ’Ommedalsfurua’ er korrekt. Ein årringserie frå Torneträsk i Nord-Sverige byrjar i år 5407 f.Kr., altså noko seinare.

Truleg den eldste furua som er datert i Sogn og Fjordane

Det er funne gamle furustokkar andre stader i landet, til dømes på Hardangervidda og i Jotunheimen, men det er ikkje så vanleg på Vestlandet. På 1990-talet vart det funne ein 8400 år gamal seljestokk som vart skubba opp framfor  Briksdalsbreen. Om furua frå Ommedalsstøylen ikkje er den eldste, så er det nok ein av dei eldste furustokkane som er daterte i Sogn og Fjordane.

Høgare temperaturar og lågare over havet

På grunn av at landet stig etter istida har Ommedalsstøylen heva seg om lag 13 m sidan furua vaks der. Den gjennomsnittlege furugrensa i sørlege Skandinavia låg omlag 140 m høgare enn i dag på den tid. Like etter 7500 år før notid vart klimaet i Skandinavia noko kaldare, og dermed trakk furugrensa seg ned til om lag 120 m over dagens for ein periode, før den seinare gradvis trakk seg ned til dagens nivå.

 Formidling viktig

Formidling av slike funn er viktig fordi dei kan vere med å supplere kunnskap vi har om klimautviklinga etter siste istid (figur 2). I tillegg kan det få folk til å vere meir observante. At denne stokken vart registrert var kanskje litt tilfeldig, og slik er det ofte. Dersom nokon har funne, eller finn noko liknande djupt nede i myrar under til dømes gravearbeid, er det flott om dei tek kontakt. Etter at dateringa av ’Ommedalsfurua’ vart kjend i media har fleire teke kontakt om liknande funn på Vestlandet. Fleire gamle furustokkar frå Vestlandet vil derfor bli daterte i næraste framtid, avluttar Nesje.