Hjem
Institutt for geovitenskap

Forskningstokt til nordøstlige Nordsjø og Norskerenna

GEO forskere på tokt med G.O. Sars for GLANAM-prosjektet.

Hovedinnhold

Institutt for geoovitenskap har planlagt flere tokt sommeren 2013. Her forteller førsteamanuensis Berit Hjelstuen om tokt for GLANAM-prosjektet:

I tidsrommet 16.-24. juni skal ei gruppe forskere frå GEO på forskningstokt til nordaustlege Nordsjø og Norskerenna for å kartlegge tilbaketrekkinga av det siste Fennoskandinaviske isdekke i dette området. Toktet er ein del av det nyoppstarta GLANAM-prosjektet.

Hovudmålet med årets tokt ombord R/V G.O. Sars vil være å fortsette kartlegginga av geomorfologiske strukturar i Norskerenna. På tidlegare tokt har akustiske data og sedimentkjerner i dei ytre områda av Norskerenna vorte samla inn. Desse dataene har mellom anna avdekka eit system av begravde grunningssonekiler, danna under attendetrekking av det siste isdekket som nådde eggakanten utanfor Norge. For å få eit heilheitleg bilete av Norskerennasystemet skal ein på årets tokt samle inn data i Skagerrak.

Innsamling av TOPAS seismiske profil vil vere sentralt på årets tokt. Slike data har ei vertikal oppløysing på <30 cm og gir ein svært god avbildning av dei øvste 80-100 meterane med sediment under havbotnen. I tillegg skal det og samlast inn batymetriske data samt calypso- og fallprøvekjerner. Innhenting av sedimentkjerner er avgjerande for å bestemme alder på dei kartlagde geomorfologiske strukturane og for å forstå dynamikken i det Fennoskandinaviske isdekket under siste deglasiasjonsfase.

Årets forskningstokt er ein del av GLANAM-prosjektet og frå GEO vil Berit Oline Hjelstuen (toktleder), Hans Petter Sejrup, Stig Monsen og to masterstudentar, Daniel Hesjedal Wiberg og Kristian Agasøster Haaga, delta. GEO sine nytilsatte PhD-studentar på GLANAM-prosjektet - Bjørn Morén (frå Universitetet i Stockholm) og Benjamin Bellwald (frå ETH i Zürich) - vil og vere med på toktet.