Hjem
Institutt for geografi
Utveksling

Informasjonsmøte om utveksling i geografistudiet

Fristen for å søke utveksling med utreise våren 2025 er 25. august. Vi inviterer difor til informasjonsmøte om utveksling for geografistudentar som tenker på å reise ut våren 2025.

kart
Foto/ill.:
Institutt for geografi

Hovedinnhold

Vi anbefaler geografistudentar å ta eit semester eller to ved eit samarbeidsuniversitet i utlandet. Det er mykje spennande å studere som frie studiepoeng og mange interessante stader å bu.

I det siste har geografistudentar vore på utveksling til mellom anna Island, Fiji, Sør-Afrika, Frankrike, Tyskland, Italia, Nederland, Skottland, Brasil og Wales. Kvar vil du reise på utveksling?

UiB har utvekslingsavtalar med rundt 450 anerkjente universitet verda over. Som UiB-student på eit bachelor- eller masterprogram kan du reise ut på ein av avtalane instituttet/fakultetet ditt har eller på ein av UiB sine sentrale avtalar.

Ta ein kikk på utvekslingskartet!

Utvekslingsavtalar, søknadsprosess og godkjenningar

Vi går gjennom kva avtalar du kan søke på, korleis finne fram, korleis søknadsprosessen er og kva du må gjere for å få utvekslingsopphaldet godkjent.

Vel møtt til inspirasjon og informasjon!