Hjem
Geofysisk institutt
Studer Masterprogram i energi (2-årig)

Eg vil seie at studieløpet er litt "spot-on" til dei utfordringane industrien står ovenfor i dag

Jørgen Kopperstad fekk tilbod om fast jobb i Havyard eitt år før han var ferdig med Masterprogram i energi ved Universitetet i Bergen

Bilde av Jørgen Kopperstad som jobber hos Havyard Design and Solutions AS
Foto/ill.:
Siv-Elin Nærø

Hovedinnhold

I dag jobbar han som Designer Performance and Combustion Systems i Havyard Design and Solutions.

- Eg har vore ein del av eit team som har jobba med eit prosjekt for null-utsleppsegling over lengre distansar for større skip. Hovudfokuset i prosjektet er å implementere nullutsleppsløysingar som for eksempel hydrogenteknologi for å auke null-utsleppsrekkevidda til ulike typar kystnære fartøy. I tillegg jobbar eg med analyseoppgåver i designfasen retta mot typar av fartøy som for eksempel servicefartøy til offshore vind, ferjer, brønnbåt, m.m. Ein gjengongar i mange av konsepta Havyard jobber med er at energiforbruk og utslepp er kritisk. Havyard har dei siste åra posisjonert seg som verdsleiande når det kjem til null-utsleppsteknologi for skip. Havyard er også det konsernet som har levert flest fartøy til havvindnæringa (https://www.havyard.com/news/2018/havyard-announces-its-eight-windfarm-service-vessel/).

Kvifor valte du Masterprogram i energi?
-
Eg valte Masterprogram i energi fordi eg gjennom bacheloren min på Høgskulen på Vestlandet fatta spesielt stor interesse for termodynamikk. Eg ønska å lære meir om energiomsetting, energieffektivitet, utslepp og global oppvarming. Eg er spesielt interessert i teknologisk utvikling og er oppteken av at ein alltid må sjå fram i tid og gjere det ein kan for å finne dei beste teknologiske løysingane.

- Eg vil tilrå Masterprogram i energi for den som ønsker å få utforme sitt eige studieløp innanfor energiemna.

Mange interessante fag og eit godt studiemiljø
-
Gjennom masterprogrammet mitt tok eg fag ved fleire utdanningsinstitusjonar. Eg var i tillegg til UiB innom HVL, UNIS og NHH. Dette ga meg mange interessante fag som eg har stor bruk for i jobben min. Eg vil tilrå andre studentar som vel denne utdanninga å ha ein tett dialog med rettleiarar på Geofysisk institutt for å sørge for at fagkombinasjonen er i henhold til dei forventningane ein har til utdanninga si.

- Elles er Geofysisk institutt eit svært triveleg institutt å studere ved. Dei tilsette er svært imøtekomande og samarbeidsvilllege og avstanden mellom student og forelesar er svært kort.