Hjem
Det humanistiske fakultet
velkommen

Velkommen til Det humanistiske fakultet!

– Vi er svært glade for at akkurat du har valt å studere her hos oss, seier dekan ved Det humanistiske fakultet, Camilla Brautaset. Vi gler oss til å ta i mot deg!

Velkommen som ny student

Produsent:
UIB

Hovedinnhold

Kjære student, velkommen til Det humanistiske fakultet!

Vi er svært glade for at akkurat du har valt å studere her hos oss.

Eg heiter Camilla Brautaset og eg er professor i historie og dekan – det vil seie fagleg leiar ved fakultetet.

Det å vere dekan er eit fantastisk privilegium. Eg veit nemleg kor spennande fag de skal studere og kor dyktige kollegaer eg har med meg på HF-laget.

Dette laget består av både faglege og administrativt tilsette. Kvar og ein av oss ønsker at du skal både lukkast og trivast som student. Å begynne som student, inneberer at mykje er nytt og ukjent. Ta derfor gjerne kontakt med våre superdyktige studiekonsulentar og mentorstudentar – dei vil hjelpe deg å finne fram.

Som student kan du gle deg til svært dyktige og dedikerte undervisarar. Forsking er bærebjelken for alt vi gjer på fakultetet, inkludert undervisninga. Det inneberer at du vil treffe forskarar som er med på å bringe fram ny og viktig kunnskap om kultur, samfunn og menneske.

Vi byr på ei brei vifte av ulike, spennande fag. Desse faga har ein viktig fellesnemnar: dei handlar om det menneskelege. Kunnskapen om det menneskelege er heilt uunnverleg for samfunnet.

Eit konkret døme på dette er koronapandemien. For å forstå korleis menneske og samfunnet reagerer på kriser treng vi humanistisk kunnskap. Dei siste åra har imidlertid forskingsbasert kunnskap kome under stadig sterkare press. I møte med det nye og det ukjente, søker ein ofte tilflukt i noko ein kjenner frå før eller enkle forklaringar, som til dømes konspirasjonsteoriar, på fenomen som kan vere vanskelege å forstå.

Det er altså mykje som står på spel, men skal vi fortsatt vere eit storsamfunn basert på kunnskap, så treng vi humanistisk kunnskap, og vi treng at kunnskapsberedskap er ein del av samfunnsberedskapen. Skal det vere mogleg, treng vi livskraftige fagmiljø og engasjerte studentar. På Det humanistiske fakultet møter du begge delar. Her innfrir vi det todelte samfunnsoppdraget universitetet har; vi utdannar til arbeidslivet og vi dannar til sivilsamfunnet.

Tida som student her hos oss vil difor vere med å forme deg både som fagpersonar og som menneske. Eg har tre råd eg håpar du tek med deg ut på den oppdagelsesreisa du no legg ut på:  

For det første, ver nysgjerrig! Forfølg gjerne nysgjerrigheten gjennom å dra på utveksling i løpet av studietida – det kan anbefalast på det sterkaste.

For det andre, det å vere student inneberer stor frihet. Bruk denne friheten godt – ta regi på eige liv og bruk tid på studia.

For det tredje, husk at du deler opplevinga av å vere ny student saman med andre. Snakk med den som sit ved sidan av deg, oppsøk studentarenaer, engasjer deg – og  diskuter! Humanistiske fag er tolkings- og diskusjonsfag, utan to strekar under svaret. Gjennom meiningsbryting med andre oppstår både nye innsikter – og nye spørsmål.

Vi på Det humanistiske fakultet gler oss til å ta imot deg.

Velkommen!