Hjem
Det humanistiske fakultet
kinesisk

Blei hekta på kinesisk frå første dag

– Eg innsåg at det var ei heil verd av kunnskap om ein kultur som fascinerte meg der ute, og eg kjente at eg klødde etter å lære meir. No kjem eg ikkje til å gi meg før eg kan språket flytande nok til å kunne jobbe med det.

Hovedinnhold

Du kjem alltid til å få utbytte av språkstudier, både i arbeidsmarknaden og på personleg nivå.

I 2017 byrja eg å studere engelsk her på UiB, og i den anledning reiste eg på utveksling til Strasbourg i Frankrike ved Faculté des Lettres, der eg for det meste tok lingvistikkfag. Eg skulle eigentleg vere der i to semester, 2019–2020, men grunna pandemien måtte avslutte utvekslinga i mars 2020. Då tok eg eit ekstra år ved UiB for å fylle inn frie studiepoeng.

Planen var eigentleg å starte master i engelsk etter utvekslinga, så på ein måte trur eg at om det ikkje hadde vore for pandemien og dette ekstra året eg måtte ta, hadde aldri tilfeldigheitane leidd meg frem til å studere kinesisk.

Kva skjedde? Kva gjorde at du blei interessert i kinesisk? 

Eg tok ganske tilfeldig introduksjonsfaget Kultur, historie og samfunn i Kina (KIN100) som frie studiepoeng medan eg holdt på å gjere ferdig bacheloren min i engelsk, og blei rett og slett hekta. Eg innsåg at det var ei heil verd av kunnskap om ein kultur som fascinerte meg der ute, og eg kjente at eg klødde etter å lære meir. Eg hadde òg lært litt kinesisk på fritida frå før på gøy, men å studere det på fulltid var noko heilt anna. No kjem eg ikkje til å gi meg før eg kan språket flytande nok til å kunne jobbe med det. 

Kva lærer de på studiet? 

Mesteparten av studiet er dedikert til praktisk språklæring, men ikkje all språklæringen skjer i klasserommet. Første semester tar vi introduksjonsfaget KIN100 som introduserer oss til alle slags aspekter av kinesisk samfunn, frå det unike politiske systemet i Kina, til dei viktigaste hendingane i den rike historien som breiar seg over fleire tusen år – her er det mykje informasjon tettpakka på veldig kort tid, og du får ein smakebit av alt. I dei neste to semestra blir det språklæring på fulltid, og man starter heilt frå "scratch". Fjerde semester har vi språklæring i tillegg til bacheloroppgåve, og det er generelt eit veldig travelt. I dette semesteret lærer man hovudsakleg om oppgåveskriving i bachelorfaget, men vi fekk også ein serie med forelesningar om ulike spanande tema som dei ansatte spesialiserer seg i!

Kva likar du (og likar ikkje) med studenttilveret?

Vi har som regel fire eller fem forelesningar kvar veke, og veka er bygd opp med ein fast struktur for å komme oss gjennom eitt kapittel. Eg er personleg ein stor fan av slike faste rutiner, men på den andre sida kan det semesteret kjenst litt monotont til tider, spesielt mot slutten. Det blir det eine sida ein veldig positiv ting for læringa, men eg trur det er viktig å skape variasjon i kvardagen utenom forelesningar og kollokvie og bryte rutinene litt innimellom. Det som er kjekt er derimot at man alltid har ganske fleksible dager etter man er ferdig med undervisningen, så å finne på nye ting å gjere som passer for deg er som regel veldig lett å få til!

Korleis er studentmiljøet? 

Eg syns HF har eit kjempegodt studiemiljø som eg har vore veldig fornøgd med i dei fem åra eg har studert her, men studentmiljøet på kinesisk syns eg er heilt fantastisk! Man blir ein ganske nær gjeng og kjent med dei fleiste på studiet. Mange som vel å studere eit så annleis språk som kinesisk er ofte opne, og etter min erfaring har det vore veldig lett å bli kjend med folk på kinesisk samanlikna med andre fag. Samanlikna med større fag, så er det ein heilt annen kjensle å dra på forelesning fire til fem gonger i veka med den samme gjengen. Den passe mengda medstudenter og dei hyggelege forelesarane bidrar til at vi får ei hyggeleg klasseromskjensle, spesielt seinare i studiet.

Er du involvert i studentaktiviterer ved sidan av studiet? 

Forrige haust starta vi på studiet eit fagutvalg for kinesisk, og der er eg aktiv som leiar. Eg syns det var synd at det ikkje fantes eit fagutvalg frå før, og savna relevante arrangement for kinesiskstudiet. Det gav meg lyst til å bidra. 

Eg har òg benytta meg av språktandemordninga fleire gonger, og det anbefaler eg på det aller sterkaste. Å bli kjent med utenlandske studenter er ein kjempefin erfaring, og eg har lært mykje meir om Kina og det kinesiske språket på ein heilt ny måte, samt fått meg venar for livet. 

Kunne du tenkje deg å reise på utveksling igjen?

Ja, eg har ikkje reist på utveksling med kinesiskbacheloren enda, men håper å kunne reise til hausten. Ideelt hadde draumedestinasjonane vore Kunming eller ein av dei sørlege kystbyane i Kina med herleg vêr, men sidan grensene er stengt for internasjonale studentar for augeblikket, kryssar eg fingrane for å kunne reise til Taiwan i haust i staden for, som eg har høyrt er ein like flott plass å studere :-)

Mari Harju Skeie
Foto/ill.:
Privat

Har du planar om å ta ein master? 

Eg kjem nok til å ta master. Det står mellom master i kinesisk eller engelsk her på UiB, og eg er veldig heldig som starta å studere kinesisk samtidig som eit nytt masterprogram i kinesisk vart starta. Det finst eit anna program på UiO også, men eg trur at det på UiB passer meg best fordi programmet fokuserer meire på interkulturell kommunikasjon, som er i dei gater eg ønsker å skaffe meg arbeid. 

Planen er å reise på utveksling til Taiwan først, og vurdere det når opphaldet mitt er ferdig. Akkurat no lener eg meg mest mot master i kinesisk, fordi eg veit ein slik master vil få meg til å skilje meg ut med ein unik spesialisering – og fordi det verker kjekt!

Korleis ser ei typisk veke ut for deg?

Eg har forelesning eller seminar kvar dag. Etter det er ferdig, har eg som regel kollokvie saman med nokre av medstudentene mine der vi går gjennom kva vi har lært, repeterer og terper på grammatikk og gloser, med ein sunn dose skravling strødd utover det heile. Innimellom er eg med på å arrangere faglunsjer med fagutvalget i løpet av dagen. 

Kva ser du for deg at du har lyst til å jobbe med i framtida? 

Som regel med språkstudier så må man ofte kombinere språket med noko anna, eller spesialisere seg. Dette er alltid vanskeleg å svare på, men eg veit at eg har mange moglegheiter. Eg har aller meist lyst til å jobbe med nokon form for kulturformidling, dette kan vere gjennom kommunikasjonsarbeid, lærarjobbar eller stillingar i internasjonale organisasjoner. Oversetjing er òg noko som eg vurderer. I somar skal eg få jobbe som museumsvert på Bergen Festningsmuseum, så det gleder eg meg masse til!

Er det noko spesielt du vil seie til dei som vurderer å studere kinesisk? 

Ein: Ikkje all språklæringa skjer i klasserommet. Skaff deg ein kollokvie med folk som du lærer bra saman med, og skaff deg ein tandempartner (språklæringspartner som har kinesisk som morsmål) via UiB!

To: Berre å hoppe i det! Du kjem alltid til å få utbytte av språkstudier, både i arbeidsmarknaden og på personleg nivå.