Panelsamtale med forfattar Marit Eikemo
Tysdag 30. september kjem forfattar Marit Eikemo og prater med Eirik Vassenden og Rasmus Abel Stava om kva lesing er og kva det betyr å lese. Eikemo si bok «Vi er brødrene Eikemo» er vald ut til Det humanistiske fakultet sin Humanistar les-kampanje, og blir delt ut gratis til alle nye HF-studentar.
Hovedinnhold
Kom på studentpuben Ad fontes og høyr Marit Eikemo prate om lesing og forfattarskap saman med Eirik Vassenden, professor i nordisk litteratur, og lektorstudent Rasmus Abel Stava. Samtalen blir leda av Marianne Sætre Amundsen, som er stipendiat i historie.
Boka til Marit Eikemo, Vi er brødrene Eikemo, er delt ut gratis til alle nye HF-studentar. Den handlar om hennar eigen familie – om far hennar og dei ville brørne hans, og deira liv i Odda. Dei voks opp i eit hus på fire etasjar, som seinare vart Marit Eikemo sin barndomsheim.
Boka er ei humoristisk kjærleikshistorie om huset, familien og plassen Odda, og har fått strålande kritikkar.
Marit Eikemo er årets Humanistar les-forfattar.