Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
ERC - European Research Council

Han vil gjere Big Data mindre

UiB-forskar Saket Saurabh vil revolusjonera korleis vi brukar, handterer og komprimerer store og komplekse datasett. Prosjektet er finansiert gjennom det prestisjefylte ERC Consolidator Grant.

Saket Saurabh
RYDDAR OPP: Professor Saket Saurabh sitt mål er å gjera det lettare å finna informasjonen ein treng i store mengder data.
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

– Når ein skal løysa eit problem vil alle ha den rette løysinga. Det er ofte ikkje mogeleg, særleg ikkje under tidspress. Tenk deg at du har ei stor mengd data, men at du berre treng visse delar av det for å løysa problemet ditt. Om eg lukkast med dette prosjektet vil eg kunna arbeida meg gjennom all denne dataen og gi deg akkurat det du treng for å løysa problemet, utan at det vert unøyaktig. Ein går frå Big Data til Small Data, for å seia det slik.

Det seier Saket Saurabh, professor ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen (UiB).

Han og eit team på tre andre forskarar har sett seg som mål å utvikla ein algoritme som kan komprimera store mengder data til mindre og meir handterbare storleikar. Ved å skrella vekk informasjonen ein ikkje treng, vert løysinga av eit problem gjort lettare.

I tillegg skal teamet bruka matematikk for å finna grensene til algoritmen. Det å vita når eit problem ikkje kan løysast er verdifull informasjon. Matematikken skal også kalkulera kor effektivt eit problem kan løysast, så vel som kor mykje lagringspass den komprimerte informasjonen treng.

Mindre data, mindre filer

Forskingsresultata kan brukast innan fleire faglege område, til dømes maskinlæring, data-geometri og alle fagfelt som handsamar store mengder data. Saurabh håpar også at den heilt nye måten å komprimera data på kan brukast i det daglege livet også.

– Det er mogeleg at me kan laga filer som til dømes biletefiler mindre, i tillegg til å optimalisera appar og programvare. Algoritmen kan få noko å seia på alle område der komprimering speler ei rolle, seier han.

Finansiert av prestisjeprogram

Saurabh sitt forskingsprosjekt er finansiert gjennom det Europeiske forskingsrådet (ERC) sitt Consolidator Grant. Desse høgthengande stipenda er laga for å støtta forskarar frå alle nasjonar på eit stadium der dei fortset å byggja vidare på ei forskingsgruppe eller prosjekt. Det er andre gongen Saurabh får støtte frå ERC, i 2012 fekk han eit Starting Grant.

– Denne typen komprimering har vore forsøkt gjennomført tidlegare, men utan ei skikkeleg systematisk tilnærming. Det er eit behov for eit slikt prosjekt, og det er aldri blitt gjort før. det vil involvera mange disiplinar, og dette er med på å gjera dette prosjektet viktig, seier professoren.

Han seier at stipendet gjev han fridom til å vidareutvikla forskinga si, særleg gjennom å rekruttera ei forskingsgruppe. I følgje ERC får prosjektet kring 2 millionar euro. Saurabh meiner at han ikkje treng dyr infrastruktur og laboratorium til den banebrytande forskinga.

– Me treng ikkje noko laboratorium, alt me treng er ei tavle og hjernane våre, seier han.

Ser etter entusiastiske forskarar

Han veit godt kva han skal sjå etter hjå dei han skal samarbeida med.

– Eg ser etter folk med entusiasme, og som veit at ein slik prosess bør vera morosam. Det gjev prosjektet meir energi. For meg har vitskap alltid vore ein sosial ting.

Han har også erfart korleis ei forskargruppe skal arbeida best i lag.

– Det skal ikkje vera noko hierarki i teamet, vi har det same målet. Eg vil ikkje at nokon skal kalla meg Professor Saurabh, berre Saket. Det er slik eg arbeider. Eit hierarki vil berre verta eit hinder i å nå målet.

Måten å jobba på lærte han ved UiB, då han kom hit som postdoktor.

– Då eg kom hit til Institutt for informatikk behandla alle meg som ein likemann. Dei som arbeider her er som ein utvida familie for meg. Eg er den eg er i dag på grunn av menneska på instituttet.