Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

HMS-pris til to institutt ved MatNat

To institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet får HMS-prisen 2020. Korleis dei takla koronakrisa spelte ei viktig rolle for begge vinnarane. 

Realfagbygget, Universitetet i Bergen
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Kvart år sidan 2005 har Det matematisk-naturvitskaplege fakultet delt ut HMS-pris. Helse, miljø og sikkerheit skal ha høg merksemd. Målet med prisen er å løfta fram dei gode døma på det gode, systematiske HMS-arbeidet som vert gjort ved fakultetet.

I 2020 er det Kjemisk institutt og Institutt for geovitskap som deler prisen. 

Kvart institutt sender inn sine forslag, som vert vurdert av ein jury, som påpeiker at valet ikkje var lett i år. 

«Juryen satt til slutt igjen med to søknader som syntes umulig å rangere.  Fakultetet valgte derfor å doble premien og gi ut to priser til to meget gode og likeverdige søknader» skriv om dei to vinnarane.

Viser at grunnleggande arbeid er viktig

Institutt for geovitskap får særleg ros for det grunnleggande arbeidet med HMS. Juryen trekk fram at instituttet har ei klår rutine i det systematiske arbeidet frå vernerunde, risiko-vurdering, utvikling av tiltak og til nye arbeidsskildringar er på plass.

Denne godt innarbeida risikoforståinga frå den vanlege drifta gjorde at instituttet var godt rusta for å lage eigne rutinar då campus opna att etter nedstenginga i vår. 

Lagde tiltakspakke på HMS

Kjemisk institutt får også ros for korleis dei løyste utfordringane då campus opna att og korleis undervisinga hausten 2020 var lagt opp. Instituttet laga ei tiltakspakke for HMS. 

Instituttet har eit fagmiljø som treng å vere på laboratorium, i tillegg til at det er mykje undervising på laboratorium, for både instituttet sine eigne og studentar frå andre institutt. 

Tiltakspakken inneheld element som smittevernsprosedyre for trygg gjennomføring av laboratoriekurs og e-læringskurs for HMS-opplæring av studentar samt av nytilsette.

Blomar HMS
Foto/ill.:
Knut Børve, UiB

Juryen er imponert over at Kjemisk institutt har klart å levere laboratoriekurs studentane på universitetsområdet, i ein periode der mykje av undervisinga har måtte føregå digitalt. 

«Forarbeidet med risikovurderinger, tiltaksplaner og deretter gjennomføring viser at det er mulig med trygg undervisning på campus. Risikovurdering og tiltakslisten mener juryen har svært stor overføringsverdi til andre laboratorieorienterte miljø» skriv juryen i sin gratulasjon.