Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet | Forsking

Dårleg ernæring kan gi auka risiko for komplikasjonar etter operasjon

Vekttap og etevanar kan ha stor betydning for kva slags risiko ein har for komplikasjonar etter eit kirurgisk inngrep. Men ein ny doktorgrad frå UiB slår fast at rutinane rundt dette ofte er mangelfull på sjukehusa, trass betring dei siste åra.

mat
Foto/ill.:
Unsplash.com

Hovedinnhold

I vår disputerte Eli Skeie med doktorgraden «Komplikasjonar etter kirurgi ved dårleg ernæringsstatus».

Skeie er utdanna klinisk ernæringsfysiolog og er tilsett ved Forskings- og utviklingsavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Det var då ho jobba som ernæringskoordinator ved same avdeling på Haukeland at Skeie blei kjent med utfordringane knytt til det å integrere ernæring som ein del av pasientbehandlinga.

Ho oppdaga at rutinane for å avdekke risiko for underernæring framleis var begrensa, sjølv om ein i 80 år har vore klar over at underernæring kan auke risikoen for postoperative komplikasjonar.

Ho fekk støtte frå Helse Vest til eit forskingsprosjekt som kopla saman to lokale kvalitetsregister ved Haukeland for å sjå kor mange som utvikla postoperative sårinfeksjonar etter kirurgi blant dei som var underernærte eller i risiko for å bli det, samanlikna med dei som ikkje var det.

Resultata vart publiserte i eit internasjonalt tidsskrift, lagt fram på sykepleiesymposiumet på Haukeland i 2017 og ein nasjonal ernæringskonferanse i 2018.

– Dette gav motivasjon til å gå grundigare inn i problemstillinga. Dermed søkte eg om doktorgradsstipend i Helse Vest, fortel Skeie.

Mange pasientar er i faresona

I dag reknar ein med at ca. ein tredjedel av pasientane i helse- og omsorgstenesta er underernærte, eller har ein risiko for å bli det. I doktorgraden hadde Skeie eit mål om å studere samanhengen mellom underernæring, postoperative komplikasjonar og korleis ein kan betre begge deler.

For å finne pasientar som var i risikosona, nytta ho eit verktøy som kombinerer BMI, vekttap, matinntak og alvorsgraden av sjukdommen. Konklusjonen på denne delen av studien stadfesta det dei trudde på førehand.

– Vi såg at dei som var i risikosona, hadde auka risiko for postoperative komplikasjonar, seier Skeie.

Så kva gjer ein med pasientar som skal inn til operasjon, og som kan vere underernærte?

Det er svært viktig at rutinane for å identifisere dei som kan vera underernærte er på plass, slik at ein kan sette i verk dei rette tiltaka til rett tid, fortel Skeie.

– Det kan vere underliggande ting som gjer at ein treng å auke næringsinntaket. Derfor er det viktig at persontilpassa tiltak blir gjort for at pasienten skal nå energi- og proteinbehovet sitt, seier ho.

– Det er frustrerande

Dersom ernæringsstatusen ikkje blir kartlagt godt nok i forkant av operasjon, kan det få følger for pasientane.

– Pasienten risikerer å møte til operasjon med ein ernæringsstatus som ikkje er optimal, til dømes på grunn av skade eller sjukdom som har gjort det problematisk å få i seg nok mat.

Sjølv om fleire med behov fekk ernæringsbehandling i perioden 2008-2018, var det likevel minst 25 prosent som ikkje fekk det kvart år, og kirurgiske pasientar fekk sjeldnare behandling av klinisk ernæringsfysiolog enn ikkje-kirurgiske pasientar. 

Forskaren meiner det er et paradoks at det framleis er såpass mange med behov som ikkje får behandling, når underernæring har vore ein kjent risikofaktor for komplikasjonar ved operasjon lenge.

– Det er frustrerande når du veit at det har vore ein kjent problematikk over så mange år. Ernæring er populært, men blir til dels oversett i det praktiske. Det er framleis for liten tilgang på kliniske ernæringsfysiologar på sjukehusa. Min hovudkonklusjon er at det er potensial til å førebyggje både underernæring og postoperative komplikasjonar, seier Skeie.

Ho tar til orde for at ernæring i større grad burde kome inn i utdanninga til mellom anna sjukepleiarar og i medisinutdanninga.

– Kliniske ernæringsfysiologar har spisskompetansen innan fagfeltet, men det er viktig at andre faggrupper også har kunnskap.

Blei forseinka

Utbrotet av koronapandemien kom midt mens Skeie haldt på å samle inn viktig data til doktorgraden. Ettersom operasjonar blei utsette, måtte forskarane snu seg rundt når det gjaldt å rekruttere pasientar.

– Vi blei forseinka, men fekk forlenga prosjektperioden frå Helse Vest og Universitetet i Bergen nokre veker, fortel ho.

Den første artikkelen blei publisert i tidsskriftet PlosOne i 2018, medan artikkel nummer to kom i Clinical Nutrition i 2019. Begge dei to første ser på samanhengen mellom risiko for underernæring, etablert underernæring og postoperative komplikasjonar.  Artikkel nummer tre omhandlar førekomsten av underernæring og ernæringsrutinar gjennom ein 11-års periode. 

Ho håpar forskinga skal bidra til at underernæringsproblematikk blant kirurgiske pasientar blir tatt på alvor, at fleire pasientar får ein betre ernæringsstatus og at risikoen for komplikasjonar etter inngrep blir lågare. 

– Eg ønskjer at fleire av dei som har ernæringsproblematikk får behandling for det, og i større grad med støtte frå kliniske ernæringsfysiologar. Det viktigaste er at pasientane får den rette behandlinga, avsluttar ho.  

Her kan du lese dei tre artiklane som føreblels er publiserte: 

https://doi.org/10.1371/journal.pone.0197344 

https://doi.org/10.1016/j.clnu.2019.07.003 

https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S026156142100279X?via%3Dihub