UiB vert vertskap for internasjonal utdanningskonferanse
Hausten 2025 kjem undervisarar, forskarar og pedagogar frå heile verda til UiB for å utforske framtidas undervisning. FEBS & NBS Joint Education Workshop går av stabelen 18.–19. september ved Institutt for biomedisin.
Hovedinnhold
Bak arrangementet står Federation of European Biochemical Societies (FEBS) og Norsk Biokjemisk Selskap (NBS). Målet er å gi tilsette – spesielt innan medisin og biomedisinske fag – inspirasjon, verktøy og nettverk som kan styrkje læring, engasjement, innovasjon og vurdering i stadig meir komplekse undervisningsmiljø.
– Dette handlar om å finne dei gode metodane som gjer at vi kan engasjere store studentkull og samtidig sikre at vurderinga er både rettferdig, inkluderande og meiningsfull, seier arrangør og professor ved Institutt for Biomedisin, Knut Teigen.
– Dette er særleg relevant no som vi står ovanfor aukande studenttal i forbindelse med Vestlandslegen. Vi vil gje deltakarane idear dei kan ta med seg tilbake og bruke med ein gong.
Gjennom to dagar får deltakarane høyre foredrag frå erfarne undervisarar frå land som Noreg, Portugal, Tyrkia, Sveits og Storbritannia. Emna spenner frå smågruppelæring, inkluderande vurderingspraksis og berekraftige laboratorier, til korleis kunstig intelligens kan nyttast som ein «studievenn».
Det vil vera eit eige track for yngre forskarar, spesielt retta mot PhD-studentar og postdoktorar, med fokus på transferable skills og karriereutvikling. Denne delen av programmet fungerer som ein slags survival guide for unge forskarar, med praktiske råd og verktøy for å navigere i akademia.
På kveldsprogrammet første dagen får deltakarane dessutan besøkje og bli kjende med Eitri Innovasjonssenter – UiB sitt knutepunkt for helseinnovasjon, entreprenørskap og oppstartsselskap. Her får deltakarane servert sushi medan dei får høyre om korleis Eitri bidreg til å utvikle idéar frå studiar og forsking til konkrete løysingar, med glimt frå suksesshistorier og innovasjonsinitiativ som Eitri har vore involverte i.
Lenkje til meir informasjon om arrangementet og påmelding: https://febsetc.org/bergen
