Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Nyhet

Musikkterapi med barn ved Nordnes skule

Nordnes skule er ein barneskule som ligg ved Nordnesparken i Bergen sentrum. Sidan 2015 har skulen hatt eit musikkterapitilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Det er Bergen musikkterapisenter ved Kulturskulen som står for dette tilbodet. Erfaringskonsulent i Polyfon, Kristianne Ervik, har fått følgje musikkterapeut Åsta Rosendahl Knudsen gjennom ein time med musikkterapi.

Bildet er tatt på et musikkrom og viser en gitar, noen trommer og to krakker
Musikkrommet ved Nordnes skule
Foto/ill.:
Åsta Rosendahl Knudsen

Hovedinnhold

Musikkrommet ved Nordnes skule ligg i underetasjen. Det er eit stort og opent rom, fullt av instrument, så klart. Her held musikkterapeut Åsta Rosendahl Knudsen frå Bergen musikkterapisenter musikkterapitimar ein gong i veka. Knudsen har jobba som musikkterapeut sidan 1993. Tidlegare har ho vore tilsett ved Statped Vest, Hunstad skule for høyrselshemma.

Åsta set fram instrument. Det er både ukulelar, trommer og perkusjonsinstrument. Ho har og med seg et sett med klangstavar og fargerike sjal som etter kvart skal nyttast. Så kjem dei første barna inn i følgje med tilsette ved skulen. Åsta og dei tilsette syng ein velkomensong. Namna til barna vert sungne høgt i tur og orden. Alle skal ynskjast velkomen.

Barna som går i musikkterapi er sett saman i små grupper på tre til fire stykk og kjem til musikkrommet i puljar. Det varierer kor aktivt dei deltar. Åsta fortel at ho ser ei utvikling over tid. Nokon av barna har vorte meir komfortable med eit instrument. Andre er meir deltakande og til stades i samspelet enn tidlegare. Musikkterapien vert tilpassa til kvar enkelt sitt nivå.

Åsta finn fram ei kurv kor det ligg handbjøller, maracasar og andre rytmeinstrument. Barna som manglar talespråk, får valet mellom to instrument, og grip etter eit av dei. Det vert nytta taktilstimuleringsaktivitetar, songar med bevegelse og samspel med ulike instrument. Dei tilsette er og engasjerte. Det vert mykje smil og latter.

Målet er at alle barna skal verte sett og at dei skal få vere med på sine premissar. For dei som ikkje har så mykje språk, kan musikken vere ein måte å uttrykka seg på. Dei får vere ein del av eit større musikalsk fellesskap. Etter kvart kjenner Åsta dei fleste barna godt. Relasjonen mellom dei er med på å gjere samspelet føreseieleg og å skapa tryggleik.

Åsta set seg ved pianoet med eit fargerikt sjal over hovudet. Barna og dei tilsette har og fått kvart sitt sjal som dei gøymer seg under. Åsta leiar an: «Hokus og pokus, hei filiokus. Troll nedi esken, sover du? Nå skal vi trolle, kaffi og bolle. Hei filiokus, kom frem!».

Mange barn med behov for ekstra tilrettelegging får musikkterapi gjennom Pedagogisk psykologisk senter (PPS) i barnehagane i dei ulike bydelane. Åsta fortel at dette tilbodet dessverre ofte tek slutt når barna begynner på skulen. Her prioriterer skulen sjølv ressursane som er knytt til det enkelte barnet. Det er få skuler per dags dato som vel å nytte ressursane på musikkterapi.

Etter mange års erfaring i arbeidet med desse barna, forklarar Åsta at ein ser at musikken er særs eigna til å skape gode relasjonar, gje mykje glede, skapa kreativitet, vitalitet og moglegheit for utvikling av grunnleggjande kommunikasjon og sosial kompetanse. Fleire skuler burde sjå nytteverdien inn mot ulike grupper og enkeltelevar som treng ein tilpassa skulekvardag av ulike grunnar.