Polyfon-konserten 2025
Polyfon-konserten er ein sosial og musikalsk møteplass kvelden før Polyfon-konferansen. Konserten er gratis og open for alle, med musikk frå Gjenklang-artistar, musikkterapeutar og studentar. Eit samarbeid mellom Gjenklang, GAMUT, NFMT og Polyfon gjer konserten mogeleg.
Hovedinnhold
Gratis konsert! Alle er velkomne!
Kvelden før Polyfon-konserten arrangerer vi gratiskonsert med artistar frå musikkterapimiljøet, og vi vil få høyra musikk frå både Gjenklang-artistar og musikkterapeutar. Det blir også open mikrofon!
Årets Polyfon-konsert blir på kulturhuset Bergen Kjøtt – eit romsleg konsertlokale med god plass til alle som ønskjer å få dette med seg. Konserten er open for alle! Dørene opnar 19.30, konserten startar 20.00.
Konferansier for kvelden er Morten Sommerbakk.
Her er spelelista for årets Polyfon-konsert - lytt deg opp til torsdag!
Artistar/band på årets konsert (i alfabetisk rekkefølgje):
- Demenskor Vest
- Dina Buer
- Friday I'm In Love
- Jeanette
- Joyful
- Lydven
- Motbakkeorkesteret
- Sunniva Mei Holm
I tillegg blir det altså open mikrofon på slutten, så her kan alt skje! Velkomen:)
Følg arrangementet på Facebook.
Arrangørar:


