Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Sampolkonferansen 2013

Vellykka konferanse om narkotikaproblem

Masterstudentane ved Institutt for samanliknande politikk arrangerte i oktober Sampolkonferansen 2013. Årets tema omhandla narkotikaproblem og utgjorde såleis en svært aktuell plattform for blant anna å diskutere narkotikapolitikken i Bergen.

Foto/ill.:
Sampolkonferansen

Hovedinnhold

Årets sampolkonferanse var, som dei foregåande, ein stor suksess. Temaet var narkotika og 1. og 2. oktober kunne alle interesserte delta i Salem konferanselokaler, høyre eit breitt utval førelesarar briljere og bli oppvarta av dyktige arrangørar.

Konferansen var inndelt tematisk. Dag ein tok for seg nasjonale spørsmål knytta til narkotika. Dag to omhandla internasjonale tema. UiB-rektor Dag Rune Olsen opna med ei viktig påminnig om Sampolkonferansen si rolle, både i og utanfor Sam.pol.-instituttet. Som eit av samfunnsvitskapleg fakultet sine største flaggskip, er det spesielt godt å sjå at også i år var det eit viktig og gjevande tema som blei diskutert.

Kort tid før konferansa lanserte Sosialbyråd Dan Inge Ulstein ein ny plan for framtida for narkotikapolitikken i Bergen. Nygårdsparken skulle renoverast, og dei narkomane som til no har nytta han skulle møte ei ny framtid. Av den grunn var det spesielt interessant at han deltok i ein god debatt med ein representant for det ganske forskjellige narkotikaprogrammet dei har innført i Frankfurt. Den juridiske, medisinske og sosiale bakgrunnen publikum hadde fått frå dei andre innleiarane den dagen gav ei spennande ramme rundt diskusjonen.

At narkotika òg spelar ei viktig rolle internasjonalt blei tydeleggjort på dag to av konferansa. Påverknaden på statsutvikling og folket si tryggleik blei diskutert for både produksjonsregionen Latin-Amerika  og transittlanda i vestlege Afrika. Deretter fekk publikum ei gjennomgang av smuglartrendar og -utviklingtil Europa og til Noreg. Konferansa blei avslutta med ein intens og spennande debatt om kva for steg ein bør ta i Noreg for å best kunne ta hand om dei som er ramma av narkotikaen.

 

Les meir på konferansens heimesider.