Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Forsker Grand Prix

Gi melodi til forskinga!

Hopp opp på scenen og la hemningane fare! Ph.d.-kandidatar med ambisjonar om melodi i formidlinga har enno sjansen til å melde seg på årets Forsker Grand Prix.

Joakim Vindenes på scenen under Forsker Grand Prix
Doktorgradskandidat Joakim Vindenes fekk mot til å stå på scenen etter coachinga opp mot Forsker Grand Prix. Han heldt ein live presentasjon i VR framfor publikum og dommarpanel.
Foto/ill.:
Tor Farstad, På Høyden

Hovedinnhold

– Du må gi heilt opp å ta deg sjølv alvorleg! 

Det seier Joakim Vindenes, informasjonsvitaren som var ein av UiB sine deltakarar på Forsker Grand Prix i fjor. Då konkurrerte han mot ni andre doktorgradskandidatar frå ulike forskarmiljø om den gjeve forskingsformidlingsprisen. 

Fristen for å melde seg på årets konkurranse går ut i slutten av april, så dei som ønskjer å nå breiare ut med forskinga si bør nytte sjansen, seier Vindenes. 

– Eg såg på det som ei investering i mi eiga akademiske karriere. Eg var trygg i faget mitt, men eg hadde mykje å gå på når det gjaldt å presentere, seier han. 

Rosina i pølsa

I konkurransen får ti forskarar fire minutt kvar til å engasjere publikum og dommarar. Tre av dei går vidare til finalerunden der dei får fire nye minutt. Vinnaren og nummer to går vidare til den nasjonale finalen. Det heile blir også sendt på tv. 

Rosina i pølsa er opplæringspakken i tida fram mot konkurransen. Dei heldige som blir valde ut til å vere med får nemleg coaching  av ein skodespelar, ein journalist og ein person frå akademia. 

– På ei av fellessamlingane måtte eg plutseleg hoppe opp på scenen og improvisere opera. Dette var langt utanfor mi komfortsone, men no har eg tøya grensa for kva eg toler å vere med på. Eg har lært meg å ta makta over situasjonen, seier Vindenes. 

Ein god deal 

Vindenes skriv doktorgrad om hukommelse og læring ved hjelp av Virtual Reality, og etter coachinga bestemte han seg for å halde ein live presentasjon i VR på scenen. Han gjekk ikkje vidare til andre runde, men han ser ikkje på det som noko nederlag.

– Eg sit att med ei god kjensle. Eg hadde nok kjent på det dersom presentasjonen min ikkje hadde gått som eg hadde planlagt, men det gjekk jo bra! No har eg lært fleire triks og metodar for å presentere som eg vil, og dette brukar eg både i undervisning og elles. Som forskar får ein ikkje så mange andre sjansar til slik intensiv formidlingstrening. Å vere med på Forsker Grand Prix er rett og slett ein god deal, seier han.