Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Nasjonalbiblioteket:

Vil kome historieløysa til livs

Med kø rundt kvartalet og direkte streaming av foredraga sine er geografiprofessor Terje Tvedt eit steg nærmare målet om å kome det han kallar samtida si historieløyse til livs.

Portrett Terje Tvedt
Med serien "Seks foredrag mot samtidens historieløshet" på Nasjonalbiblioteket i Oslo presenterer Terje Tvedt eit originalt perspektiv på verdshistoria og Noreg si rolle i denne.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Hovedinnhold

– Viss vi berre reproduserer det «alle» veit kan vi like godt selje pølser. Vi forskarar må jo prøve å utvide perspektivet, samtidig som vi leitar etter samanhengar. 

Det seier geografiprofessor Terje Tvedt. I haust held han ein serie med seks opne foredrag på Nasjonalbiblioteket i Oslo om verdshistoria heilt frå dei fyrste sivilisasjonane i Midtøsten for 5000 år sidan og fram til i dag. Serien har den talande tittelen "Seks foredrag mot samtidens historieløshet".

Terje Tvedt holder foredrag på Nasjonalbiblioteket
Foto/ill.:
Mats Arnesen/ Khrono

Geografiprofessor ved UiB, Terje Tvedt, dreg dei lange linene i historia under foredragsserien i seks delar på Nasjonalbiblioteket. 

Publikum i kø

– Unnataket i verdshistoria er ikkje dei fattige landa, som lir under korrupsjon, stagnasjon og dårleg statsstruktur. Det som krev ei forklaring, er korleis Noreg og ein del andre land har klart å utvikle seg. Om ein vil setje det på spissen kan ein snarare seie: Unnataket er Noreg, seier han i eit større portrett i Aftenposten

Tvedt opplever ein interesse for foredraga sine som få andre professorar opplever. På Facebook er det fleire tusen menneske som har trykt «skal» på arrangementa, og før det første foredraget på Nasjonalbiblioteket i slutten av oktober var det kø rundt kvartalet. Mange kom ikkje inn, og til dei neste foredraga i serien måtte Nasjonalbiblioteket opne opp fleire rom slik at publikum no kan kome inn og følgje foredraga på skjerm. 

kø før Tveit foredrag
Foto/ill.:
Katarina Theis-Haugan, Nasjonalbiblioteket

Publikumsinteressen er stor for foredragsserien til Terje Tvedt på Nasjonalbiblioteket i Oslo. 

Kontroversiell professor

Tvedt er ein kontroversiell figur som står bak omgrep som «det nasjonale godheitsregime» og «den narsissistiske kosmopolitt». Etter den siste boka hans «Det internasjonale gjennombruddet», der han set Noreg si rolle innan bistand og innvandring under lupa, går debatten mellom historikarar framleis heftig. 

– Eg prøver å stille nokre store spørsmål og trekke nokre lange linjer, heller enn å gi globalhistoriske fasitsvar. Det siste ville vere reine galskapen, seier han.

Sjå foredraga her:

Sjå opptak av dei første foredraga samt streaming av dei komande foredraga.