Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
ERC CONSOLIDATOR GRANT

Skal kartlegge vår informasjonsberedskap med fersk ERC

Kor budde er kvar enkelt av oss til å skaffe oss rett informasjon og engasjere oss når det trengs? Medieprofessor Hallvard Moe får prestisjestipendet ERC Consolidator Grant frå EU for å betre skjøne vanlege folk si evne til å skaffe seg informasjon og engasjere seg i demokratiet.

ERC til Hallvard Moe
Medieprofessor Hallvard Moe får det prestisjefylte ERC Consolidator Grant til prosjektet . Stipendet sikrar finansiering over ein periode på fem år til prosjektet Prepare. Prepare skal finne ut korleis folk faktisk skaffar seg informasjon når ein treng det, og korleis folk lukkast med å engasjere seg i det offentlege.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Hovedinnhold

– Ein får inntrykk av at folk er anten er heilt passive eller heilt rabiate i det offentlege ordskiftet. Det stemmer ikkje, og vi treng ei ny tilnærming for å forstå borgarane si rolle i demokratiet. 

Det seier medieprofessor Hallvard Moe. Med det høgthengande ERC Consolidator Grant i banken vil han kartlegge korleis vi er budde til å engasjere oss når vi treng det. 

Binge på Netflix eller ty til gatene?

Bakteppet er at demokratiet i heile verda er under press. Den offentlege debatten er fragmentert, sosiale media blir styrt av algoritmar, og propaganda og desinformasjon trugar. 

– Tenk berre på alle opptøyane mot covid- restriksjonane! Dette illustrerer djupare problem, med stikkord som fragmentering, populisme og polarisering. Borgarane får skulda for desse problema. Ein får inntrykk av at anten så sit vi heime og ser på Netflix, eller så er vi ute i gatene og forfektar konspirasjonsteoriar. Vi trur ikkje at det er så enkelt, og vi treng å forstå kva vi står oppe i, seier Moe. 

Motvirke dystre spådomar 

Moe meiner det er på tide å revurdere idealet om den informerte borgar som eksisterer innan samfunnsvitskapen. 

– Vi samfunnsforskarar har visst i nesten hundre år at folk ikkje brukar så mykje tid på politikk i kvardagslivet sitt. Samtidig så har vi dette idealet om den opplyste og informerte borgaren. Den ideen styrer samfunnsforskinga. Vi testar så korleis folk eigentleg er, og då blir det nedslåande funnet at folk ikkje lever opp til idealet. Då finn vi at folk er ignorante og uinteresserte i å engasjere seg på ulike område. Med slike funn får vi oppslag med dystre spådomar om demokratiet si framtid, og radikale forslag på korleis vi skal løyse demokratiet sitt problem. Vi har sett forskarar foreslå i fullt alvor å ta vekk den universelle stemmeretten! 

– I staden for å tenkje at folk er konstant påkopla og gir konstant merksemd til eit tema, så må vi sjå på folk sin beredskap. Med det meiner eg at vi er i ein slags «stand by» – tilstand, seier Moe. 

«Stand by» 

Gjennom ERCen Prepare skal Moe finne ut kva det er folk har i sin beredskap som dei kan kople på når dei treng det. Det kan vere alt frå ein god kollega eller ektefellen, til nettverk og sosiale media, eller favorittkanalen på Youtube. 

– Kva er beredskapspakken for ulike folk i samfunnet? Det er det første vi skal finne ut, seier Moe. 

Vidare skal Prepare kartlegge om folk sin beredskap fungerer når dei treng å kople seg på. Prosjektet skal granske tre nivå av folk sin informasjonsberedskap.

– Vi skal for det første sjå på den akutte beredskapen. Finn vi fram til den informasjonen vi treng når det hastar?  Det blir pandemi, og vi må hive oss rundt. Tsjernobyl blir bomba og vi treng info for å handle rett. Vidare skal vi sjå på val, der ein forventar at borgarane skal gjere noko, nemleg gå og stemme. Det siste nivået er kvardagspolitikken. Korleis koplar folk seg på dei meir langdryge og keisame prosessane med utreiingar og plandokument? 

Grunnarbeidet gjort saman med kollegaer

ERC gir Consolidator Grant til forskarar som dei reknar som lovande og som dei meiner har hatt ei særskild tyngde i forskinga til no, og som har presentert banebrytande, originale idear. 

– Dette prosjektet gir meg eit eineståande høve til å bruke tid og ressursar på å finne nye måtar å studere grupper som er krevjande å nå. Eg kan verkeleg fordjupe meg i teoretiske spørsmål som andre prosjekt sjeldan gjer tid til, seier Moe nøgd. 
Moe framhevar særleg samarbeidet med medieforskar Brita Ytre-Arne om Mediebruksgruppa som avgjerande for at han no får ERC- finansiering 

– Eg hadde ikkje fått dette stipendet hadde det ikkje vore for arbeidet som er lagt ned i Mediebruksgruppa som Brita Ytre-Arne og eg leier. Fagmiljøet her har alt å seie, seier han.