Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Arrangement

Foredrag ved John Pilger

Den prislønte krigskorrespondenten, forfattaren, og dokumentarfilmskaparen John Pilger gjestar UiB torsdag 13. oktober. Arrangementet finn stad i Egget på Studentsenteret.

Hovedinnhold

John Pilger kan med rette kallast ein legende innan kritisk og uavhengig journalistikk. Gjennom reportasjar, bøker og film har han særleg satt fokus på vestleg utanrikspolitikk og effekten av denne i land som Vietnam, Kambodsja, Nicaragua, Venezuela, Irak og Afghanistan.

Under foredraget ved UiB Understanding power, propaganda and the new totalitarianism vil Pilger m.a. diskutere spørsmål som Kvifor førte ikkje slutten på den kalde krigen til fred? Kvifor brukar stormaktene meir pengar på våpen no enn nokon gong før? Finnest det i verda i dag ein ny, ikkje-uttalt, totalitarianisme?

I samband med Pilger sitt besøk vert det òg framsyning av den siste filmen hans The war you don’t see. I denne filmen rettar Pilger eit kritisk blikk på media og deira rolle i krig. Han ser på media si dekning av tidlegare konfliktar i Hiroshima og Vietnam, og utviklinga fram til krigar i dag i m.a. Irak og Afghanistan. Filmen vert vist tysdag 11. oktober i Stein Rokkans Hus, UiB.

“We journalists… have to be brave enough to defy those who seek our collusion in selling their latest bloody adventure in someone else’s country… That means always challenging the official story…”   John Pilger i "The war you don't see"

Pilger sitt foredrag er ein del av den prestisjetunge foredragsserien Bergen Lectures in Critical Social and Political Inquiry. Professor Bruce Kapferer er vertskap for serien, som vert organisert av Institutt for sosialantropologi på vegne av Det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiB.