Hjem
Senter for vitenskapsteori
Forskingsprosjekt

#LoVeSeSDG

#LoVeSeSDG - Lokal forankring av FNs bærekraftsmål (2030 Agenda for bærekraftig utvikling) for økosystemet Barentshavet-Lofoten under klimaendring - er eit prosjekt som fokuserar på Lofoten-Vesterålen-Senja (LoVeSe)-regionen i Noreg.

Fiskebåtar på sjøen
Fiskemottaket i Andenes, januar 2020.
Foto/ill.:
Joren Room

Hovedinnhold

Regionen er ikonisk på grunn av den vakre naturen og dei rikelege, fornybare undervassressursane. Samtidig ser ein aukande menneskeleg aktivitet i regionen i form av ressursutnytting, turisme og industri, og nasjonale og regionale styresmakter i Noreg krev ei betre forankra tilnærming til FN sine berekraftsmål gjennom rapportering på lokalt nivå.

Hovudmålet til LoVeSe-SDG-prosjektet er å ta i bruk nye tverrfaglege metodologiar frå samfunnsvitskap, humaniora, havbruksvitskap og matematikk for å vurdere og kritisk analysere noverande kunnskap relatert til det internasjonale mandatet om å møte berekraftsmåla til FN; spesielt #2 (utrydde svolt), #13 (stoppe klimandringane), #14 (livet under vatn) og #17 (samarbeide for å nå måla).

For å støtte opp under dette målet jobbar ein i prosjektet med eit konkret døme, Andøy kommune i Vesterålen i Nord-Noreg, for å kartlegge det komplekse sosioøkologiske systemet (SES) gjennom intervju, ein Q-studie og workshops med lokale næringslivsleiarar, planleggarar og styresmakter.

Denne innsikta vil føre til forståing av synergiane mellom dei 169 delmåla i FN sine berekraftsmål, og desse skal diskuterast i digitale workshops ved hjelp av ARCT-verktøyet.

Prosjektet blir leia av UiB i samarbeid med Havforskingsinstituttet, Nordlandsforskning, Stockholm Resilience Centre (Sverige), Wageningen Marine Research (Nederland) og Commonwealth Scientific and Industrial Research Organisation (Australia). Prosjektleiar er Dorothy J. Dankel, PhD. #LoVeSeSDG-prosjektet tilhøyrer Institutt for biovitskap og Ocean Sustainabilty Bergen-gruppa ved UiB sin campus på Marineholmen.

Ved Senter for vitskapsteori er professor Jeroen Van der Sluijs leiar for prosjektet sin WP3 - Knowledge quality, og professor Matthias Kaiser er også involvert som forskar i prosjektet.

Picture of the research project team

#LoVeSeSDG-teamet, inkludert professor Jeroen Van der Sluijs og professor Matthias Kaiser ved SVT.

Foto/ill.:
#LoVeSeSDG/UiB