Hjem
Senter for vitenskapsteori
Klimaendring

Forteljingar om klimatilpassing i Europa

UiB-forskarane Scott Bremer og Diana Wildschut har saman med Werner Krauss redigert ei spesialutgåve om forteljingar i tidsskriftet Climate Risk Management.

Members of the Bergen Filharmonic Orchestra with umbrellas
Bergen Filharmoniske Orkester i regnet under paraplyar – eit bilete på Bergen sin kulturelle vêridentitet.
Foto/ill.:
Bergen Filharmoniske Orkester/Oddleiv Apneseth

Hovedinnhold

Spesialutgåva heiter How narratives of change influence local climate risk governance og kom i stand som ein del av forskingsprosjektet Co-cli-serv ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved UiB. Prosjektet har testa ut måtar ein kan gjere klimainformasjon nyttigare og meir meiningsfull på, til bruk i arbeidet med å støtte lokale klimatilpassingstiltak i Bergen, Dordrecht og Amersfoort i Nederland, Jade Bay i Tyskland, Brest og Morbihan-gulfen i Frankrike.

Klimaendringar heng saman med andre endringar

Arbeidet starta med å samle inn personlege og allmenne forteljingar om endring over tid frå kvar av desse ulike stadane, for å betre forstå korleis globale klimaendringar tek form i dei lokale omgjevnadane våre.

I følgje forskarane kan dette hjelpe oss til å sjå korleis klimaendringar kan knytast til mange andre endringar vi møter der vi bur. Nokre strekker seg langt tilbake og langt fram i tid – frå endringar i vêr og årstider til endringar i landskapet, skiftande folkesetnader grunna migrasjon, lokale identitetar i utvikling, nye samansetjingar i styrande organisasjonar og, sist, men ikkje minst, nye tilnærmingar til forsking på klimatilpassing.

– Eg har alltid vore open for dei ulike måtane folk forstår klimaendring på, seier Scott Bremer.

– Frå mine eigne, avgrensa erfaringar ser eg at folk flest erkjenner at vi lever i ei tid med radikale endringar i klima og natur – at klima er noko vi må ta omsyn til her og no, og ikkje i framtida – men for nokre er det likevel eit langt sprang frå dette fram til ei overtyding om at endringane er menneskeskapte.  

Viktigheita av lokale forteljingar om endring

Bidragsytarane til spesialutgåva, som i tillegg til Bremer og Wildschut også inkluderar Arjan Wardekker og Silvio Funtowicz ved SVT, framhevar viktigheita av lokale forteljingar om endring for å kunne forankre klimatilpassingstiltak og vitskaplege innspel i lokale tilhøve. Slik kan folk forstå klima som ein del av kvardagsliva sine, og som noko dei må lære seg å leve med.

Til dømes skriv Bremer og kolleagene hans om korleis Bergen har endra seg frå ein by med ein identitet tradisjonelt definert av vêret – ‘den våtaste byen i Europa’ – til ein by definert av si bekymring for klimaet. Dette har konsekvensar for kor motstandsdyktige bergensarar kjenner seg.

Motstandsdyktige bergensarar

Innbyggarane i Bergen blir vanlegvis framstilte som motstandsdyktige mot regnet og uvêret på vestkysten, men dei siste femten åra har forskarar fortalt bergensarar at dei kjem til å oppleve endå villare vêr og bli utsette for nye risikoar dei enno ikkje har særleg erfaring med, som til dømes jordskred. Å sette ord på denne endra identiteten kjem til å vere ei viktig utfordring for dei som jobbar med klimapolitikk- og styring i Bergen.

– Sjølv om eg ser på arbeidet med utsleppsreduksjon som heilt naudsynt, så er eg personleg mindre interessert i å overtyde folk om å redusere utsleppa sine. Vi kjem til å leve med resultata av desse utsleppa i hundrevis av år framover, seier Bremer.

–  Eg er meir interessert i å hjelpe folk med å lære seg å leve i ei verd som i stor fart bevegar seg vekk frå kjende menneskelege erfaringar. Det er vanskeleg å be folk om å gjere radikale endringar i liva sine på grunn av ei sak som framleis er ganske abstrakt for mange.