Polyfon-konferansen 2025
Polyfon-konferansen 2025 vil leggje til rette for spennande fleirstemde samtalar om kva musikk har å tilby som helseressurs, om kvifor dette er meir relevant enn nokon gong og om kva kunnskapsklynga kan bidra med i vidare utvikling av feltet.
Hovedinnhold
Kopi av presentasjonar
Vi har fått løyve til å dele nokre av powerpoint-presentasjonane frå konferansen, desse er no tilgjengelege for nedlasting:
Plenum
Demens, språk og musikk: foreløpige resultater fra en scoping review
«Memory for Music»: Kan personer med Alzheimers sykdom lære nye låter?
Muligheter og utfordringer ved brukermedvirkning i forskningsprosjektet FALCO
Musikkterapi i pedagogiske kontekster - hva slags forskning trenger vi?
Tema for konferansen: Musikk på tvers
Musikk er ein viktig del av kvardagen for dei fleste. Interessa for samanhengar mellom musikk, helse og samfunn er stor og musikkterapi er tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. Likevel er det eit stykke fram før musikkens kraft er tatt i bruk på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samfunnet. Korleis kan vi styrke samarbeidet om formidling, praksisutvikling, forsking og utdanning?
Konferansetemaet "Musikk på tvers" kan tolkast på fleire måtar, t.d. på tvers av fag, på tvers av kompetansar, på tvers av praksisar og på tvers av sektorar. Vi inviterer til kritikk, refleksjon, samtale og diskusjon.
Program 14. november (med lenker til samandrag)
Konferansier: Frode Thorsen, tidl. dekan v/ Fakultet for kunst, musikk og design (UiB).
Plenumsprogrammet vil føregå i Mimes Brønn. Sjå kart over konferanselokala.
Informasjon om tilkopling til internett på HVL.
Program og samandrag - filer til nedlasting
Samandrag for plenumspresentasjonar
Samandrag for parallelle sesjonar
Samandrag for plakatpresentasjonar
Program
Med atterhald om at det kan kome endringar i programmet.
09.00-09.30 Dørene opnar – registrering, kaffi og frukt. Plakatutstilling i vrimlearealet "Storstuen"
PLENUM
09.30-10.00 Song ved Møhlenpris skolekor (dirigent musikkterapeut Morten Gundersen)
Opningshelsing ved Kjell-Morten Myhr, viserektor v/ Universitetet i Bergen
10.00-10.40 10 års fleirstemd samarbeid: Kva har vi lært? Kva har vi gjort?
- Brynjulf Stige (UiB, Polyfon): Innleiing
- Panelsamtale om implementering av musikkterapi i arbeid med barn og unge:
- Kaja Elise Enge (musikkterapeut, Bergen kommune)
- Guro Parr Klyve (musikkterapeut, Helse Bergen)
- Johannes Medlien (musikkterapeut, Vestland fylkeskommune)
10.40-11.10 PAUSE / betjent plakatutstilling i vrimlearealet "Storstuen"
11.10-12.00 Mellom behandling og kulturdeltaking: Sosial innovasjon på tvers av sektorar
- Semir Mujkic (Sørlandet sykehus): Når musikk møter kaos og kreativitet i et utvidet terapeutisk rom
- Karette Stensæth (Noregs musikkhøgskole): Musikkterapi, demenskor og sosial innovasjon
________________
12.00-13.00 LUNSJ (Merk: Møteplass open frå 12.30)
13.00-14.35 Parallelle sesjonar / Møteplass (trykk på lenka for detaljar)
14.35-14.55 PAUSE / plakatutstilling i vrimlearealet "Storstuen"
________________
PLENUM
14.55-15.55 NOU 2025:7 argumenterer for auka bruk av musikk som helseressurs. Kvifor? Korleis?
- Sigrid Røyseng (Noregs musikkhøgskole): Innleiing
- Panelsamtale om oppskalert bruk av musikkterapi / musikk som helseressurs i Norge:
Moderator: Torbjørn Mohn-Haugen (fagleg rådgjevar i NAPHA, Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Paneldeltakarar:- Kaja Elise Enge (leiar for Norsk forening for musikkterapi)
- Ole-Marius Minde Johnsen (landsleiar i Mental Helse)
- Jon Harald Kaspersen (konserndirektør Helse og samfunn, NORCE)
- Randi-Luise Møgster (divisjonsdirektør Psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus og styringsgruppeleiar for kunnskapsklynga Polyfon)
- Sigrid Røyseng (professor i kultursosiologi ved Noregs musikkhøgskole og leiar for det regjeringsoppnemnde Musikkutvalet)
15.55-16.15 Avslutning. Musikkinnslag ved BTS Rebellium, blandakor ved Høgskulen på Vestlandet (dirigent musikkterapistudent Alexandra Khazaie)
Parallelle sesjonar / møteplass
Spor 1-4: 3 presentasjonar pr. spor, ca 25 minutt pr. presentasjon inkl. spørsmål/diskusjon, og 10 minutt pause til forflytting.
Spor 5: Møteplass for fagfelta 1) Barn og unges oppvekst 2) Psykisk helse og rustenester 3) Eldrehelse. Ca 30 minutt per fagfelt.
Sjangrar: (P)=presentasjon av praksis, (F)=presentasjon av forsking, (E)=presentasjon basert på erfaringskompetanse, (I)=innspel til refleksjon og diskusjon
Parallellprogrammet kan også lastast ned i tabellformat (pdf).
Samandrag for dei ulike presentasjonane finn du ved å klikka på titlane.
SPOR 1 (Aud. 3): MT og eldrehelse
- 13.00-13.25 Stedje & Midtgaard Jensen: Musikkollektivet for seniorer (P)
- 13.35-14.00 Stedje m.fl.: Demens, språk og musikk: foreløpige resultater fra en scoping review (F)
- 14.10-14.35 Langeland m.fl.: «Memory for Music»: Kan personer med Alzheimers sykdom lære nye låter? (F)
SPOR 2 (Aud. 5): MT i spesialist-helsetenesta
- 13.00-13.25 Kvisterud Hole: Etablering av musikkterapi på sikkerhetspsykiatrisk seksjon (P)
- 13.35-14.00 Gundersen & Lindvall: BUKetten – et ansattkor for bedre arbeidsmiljø på sjukehus (F/E)
- 14.10-14.35 Klyve & Barsnes: Samspel på tvers. Erfaringar frå gruppetilbod i musikkterapi (P)
SPOR 3 (Aud. 9): FALCO-prosjektet (MT og rus)
- 13.00-13.25 Savinova: Musikkterapi og avhengighet: kan musikk påvirke russug? (F)
- 13.35-14.00 Tuastad m.fl.: Muligheter og utfordringer ved brukermedvirkning i forskningsprosjektet FALCO (F/E)
- 14.10-14.35 Andersen: Med en rekke roller: Et refleksivt innspill om å handle etisk i offentligheten (I)
SPOR 4 (Aud. 10): Refleksjonar
- 13.00-13.25 Tuastad, Lydvo & Sæle: Songsirklar (F/E/Film)
- 13.35-14.00 Metell m.fl.: Musikkterapi i pedagogiske kontekster - hva slags forskning trenger vi? (I)
- 14.10-14.35 Bjotveit & Stenfeldt-Nilsen: Utvikling av musikkterapi som folkehelsetiltak i Agder (P)
SPOR 5 (Fyrrommet): Møteplass
- 13.00-13.25 Barn og unges oppvekst
- 13.35-14.00 Psykisk helse- og rustenester
- 14.10-14.35 Eldrehelse
Plakatutstilling
Generasjonsmøte med babysang: en samfunnsmusikkterapeutisk sosial bærekraftig praksis for sykehjemsbeboere, spedbarn og deres omsorgsgivere. Camilla Marie Erlandsen.
Kroppsmusikk. Karin Mössler, Maria Skjeldrum Toppe, Olav Myhre, Solveig Karin Brekke, Julie Liisberg, Kaja Linder Henriksen, Trond Dahle, Erlend Myrhaug, Lene Førde, Therese Reinsnes.
Memory for Music: Polyfon sommerstipend 2025. Marie Hovdum Lind, Christian Gold, Monika Geretsegger & Elias Langeland.
Musikkreisen. Ylva Jonsson, Tarjei Lund Græsli Øvrelid & Stig Erlend Midtgård.
Musikkterapi i skolen - å fremme helse, trivsel og læring for alle. Gunnfrid Fjelde & Anne-Linn Malia Vatnedalen Vik.
Tilgjengelighet gjennom mobilitet. Marcus Aasely Ekløf.
Møteplass - nytt i år!
Har du nokon gong vore på konferanse og opplevd at tida til å vrimle med andre deltakarar eller innleiarar ikkje strekk til?
På årets jubileumskonferanse ønskjer Polyfon å legge ekstra til rette for at folk møter fysisk. I programmet for jubileumskonferansen har vi derfor lagt inn Møteplass.
Møteplass er høve for deltakarar i konferansen til å vrimle med andre deltakarar. Dette viser det seg gjerne behov for i andre konferanser, men ofte strekk ikkje pausane til. I årets paralellsesjonar har vi sett av rom og tid for at folk som treng og ønskjer å vrimle, kan gjere nettopp det. Vi tenkjer at dette dekker eit vanleg behov når fagfolk, leiarar og erfaringsrepresentantar og andre møtest: Å oppklare, bygge vidare, sy saman, finne på – alt som kan skje i fysiske møte mellom menneske, det har vi sett av tid til gjennom Møteplass.
Møteplass finn stad i Fyrrommet, ved bibiloteket. Dørene opnar allereie halvvegs inn i lunsjen, deretter er det ope så lenge parallellsesjonane pågår.
Inspirasjonsdag 13. november
Det blir fleire inspirasjonsseminar denne dagen:
Polyfons erfaringspanel har sitt årlege fysiske seminar/møte denne dagen.
Polyfon-konsert 13. november
Årets Polyfon-konsert blir på Bergen Kjøtt, les meir her.
Strøyming 14. november
Best utbyte av konferansen får sjølvsagt dei som deltar fysisk, både p.g.a. av dei parallelle sesjonane etter lunsj og fordi pausepraten og nettverksbygginga alltid er ein viktig del av ein konferanse. Men med tanke på nasjonal rekruttering og behovet for å spreie kunnskap til heile landet, vil vi også leggje opp til ei enkel strøyming av programmet i plenumssalen, slik at folk (utan kostnad) kan følgje dette anten dei sit i Alta eller Arendal.
Lenke til strøyming: Polyfon-konferansen 2025
Merk: Dersom det oppstår problem med strøymelenka over, vil vi gå over på back-up strøyming, bruk då denne lenka: Back-up Polyfon-konferansen 2025
Kursgodkjenning
Polyfon-konferansen 2025 har følgjande godkjenning:
Norsk psykologforening: godkjent som vedlikeholdskurs for spesialistar med 5 timar.
Legeforeningen:
- Allmennmedisin: godkjent med 6 valfrie poeng for legar i spesialisering og spesialistane si etterutdanning (forlenging av retten til tilleggstakst).
- Barne- og ungdomspsykiatri: godkjent med 6 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og for spesialistane si etterutdanning.
- Rus- og avhengighetsmedisin: godkjent med 6 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og for spesialistane si etterutdanning.
Universell utforming
Konferansestad (Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad)
- Konferansestaden er tilgjengeleg for rullestol.
- Det er trinnfri tilkomst til alle rom som vert brukt under konferansen. Alle rom som vert brukt ligg i første etasje / på bakkenivå.
- Konferanseregistreringen vil vere i "Storstuen" (foajeen), til venstre for HVLs hovudinngang, like ved Mimes Brønn.
Ankomst
- Anten du kjem frå flyplassen eller Bergen sentrum, kan du ta Bybanen til campus. Bybanen stoppar like ved høgskulen, og bybanestoppet heiter Kronstad. Skal du frå sentrum til campus, er reisetida med Bybanen 10 minuttar. Reisetid frå flyplassen til Kronstad er 40 minuttar.
- Bybanen er tilgjengeleg for rullestolar.
- På Kronstad er det 11 HC-plasser, som kan nyttast kostnadsfritt dersom du har kommunalt HC-kort/parkeringsløyve.
Nedsett hørsel
- Det er teleslynge i Mimes Brønn.
- Det er FM-sendar i romma som vert brukt til parallellsesjoner.
Kvilerom
Det er tilgjengeleg kvilerom for konferansegjestar: Kvilerom, ammerom og stellerom - Høgskulen på Vestlandet. Som de ser av oversikten på HVL sine seider, så er det fleire rom tilgjengeleg på kampus Kronstad. Det næraste er rom B225, som ligg i 2. etg like ved bakre/øvre dør til Mimes Brønn. Ved behov kan ein ta kontakt med konferanseansvarleg for å få låna nøkkelkort (spør ein av personane som går i raud Polyfon-tskjorte).
Astma/allergi
- Alle konferanserom er teppefrie.
Om Polyfon-konferansen
Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.
Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.
Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.
Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!
