Havteknologi (integrert masterprogram, sivilingeniør)
Vil du vere med på å utvikle teknologien som gjer at vi kan utforske, utnytte og forstå havet betre? Gjennom studiet får du kunnskap om havteknologi og fordjupar deg i marine målesystem. Du lærer å utvikle nye løysingar for framtidas næringsliv og samfunn.
- Varigheit
- 5 år
- Studiepoeng
- 300
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Er du glad i matematikk, fysikk og teknologi, og likar å finne kreative løysingar på utfordringar? Då kan dette vere studiet for deg! Her får du byggje vidare på realfagskunnskapen din og lære å utvikle teknologi som hjelper oss å utforske, utnytte og forstå havet betre.
På dette studiet fordjupar du deg i havteknologi og marine målesystem. Du lærer å bruke avanserte teoretiske og eksperimentelle metodar, gjennomføre målingar og analysere data. I tillegg får du kunnskap og verktøy til å delta i forsking, utvikling og innovasjon. Målet er å finne nye og betre måtar å undersøkje, overvake, utnytte og forvalte havet på.
Med kompetansen frå studiet kan du vere med på å utvikle berekraftige og framtidsretta løysingar for forsking, næringsliv og offentleg forvalting. Og sjølv om dette studiet rettar blikket mot havet, kan teknologien og kunnskapen du får, brukast på mange andre område.
Studiekvardag
Havteknologi-studiet byr på et godt studentmiljø med små klasser, og et fagutvalg (Neptun) som arrangerer faglige og sosiale aktiviteter hele året. Som førsteårsstudent får du ta del i mentorordninga, der studentmentorar hjelper deg med å bli kjend med studiet, campus og medstudentane dine. Det gir ein trygg start på studietida!
Studiet er et fulltidsstudium, hvor fleire emne har obligatorisk deltakelse og arbeidskrav. Ei typisk veke består av 20-25 timar med førelesingar, seminar og laboratorieøvingar.I tillegg kjem eigenstudium og arbeid med oppgåver. Du er i praksis deler av det andre året, noe som gir verdifull innsikt i korleis havteknologi blir nytta i forsking og næringsliv. Som student har du tilgang til Realfagbygget med læringssenter, bibliotek, lesesalar og andre fasilitetar som støttar læring og studentliv.
Kva kan du jobbe som?
Behovet for ekspertar på marine målesystem er stort i både i næringsliv, forsking, forvalting og forsvar. Med utdanninga kan du jobbe som produkt- og teknologiutviklar og bruke avansert teknologi til å utforske og utnytte havet. Til dømes kan du vere med å utvikle målesystem til inspeksjon, kartlegging, vedlikehald og andre operasjonar på havbotnen. Du kan òg finne spennande jobbar i fiskeri- og havbruksnæringane, der teknologi blir brukt mellom anna til å fiske og å overvake fiskehelse og miljøforhold. Andre moglegheiter finn du innan forsking, Forsvaret, offentleg forvalting og skuleverket.
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:
- Bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
- Bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
- Bestått 2-årig teknisk fagskule (rammeplan frå 1998/99 eller tidlegare)
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Studiets oppbygging
Det integrerte masterprogrammet i havteknologi er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.
Studiet har to komponentar: emnedel på 240 sp og individuell mastergradsoppgåve 60 sp. I andre semester kan du velje mellom to emne og slik tileigne deg kunnskap i anten innovasjon eller økonomi. Valemne knytta til sjølve oppgåva utgjer 30 studiepoeng. Desse vel du i samråd med fagleg rettleiar. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester (haust):
MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 sp)
INF100 - Programmering I (10 sp)
HTEK101 - Introduksjon til havmiljø (10 sp)
2. semester (vår):
MAT112 - Grunnkurs i matematikk II (10 sp)
PHYS111 - Mekanikk 1 (10 sp)
INNOV201 - Innovasjon ved designtenkning eller ECON110 - Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 sp)
3. semester (haust):
STAT110- Grunnkurs i statistikk (10 sp)
PHYS112 - Elektromagnetisme I (10 sp)
HTEK102 - Praksisutplassering i havteknologi eller Ex.Phil (10 sp)
4. semester (vår):
MAT121 - Lineær algebra (10 sp)
PHYS114 - Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk (10 sp)
HTEK102 - Praksisutplassering i havteknologi eller Ex.Phil (10 sp)
5. semester (haust):
MAT212 - Funksjonar av fleire variable (10 sp)
PHYS116 - Signal- og systemanalyse (10 sp)
HTEK201 - Måleteknologi (10 sp)
6. semester (vår):
HTEK202 - Laboratoriekurs i måleteknologi og instrumentering (10 sp)
PHYS264 - Atmosfærisk og marin optikk (10 sp)
PHYS271 - Akustikk (10 sp)
7. semester (haust):
HTEK301 - Utvalde emne innan havteknologi (10 sp)
Temaemne (10 sp) - Temaemne (10 sp)
8. semester (vår):
Vel tre valemne, totalt 30 studiepoeng.
Velg mellom:
PHYS205 - Elektromagnetisme II (10 sp) (haust)
PHYS263 - Laboratoriekurs i optikk (10 sp) (haust)
PHYS272 - Akustiske transdusere (10 sp) (haust)
PHYS273 - Marin akustikk (10 sp) (haust)
Sjå meir informasjon om valemne i studieplanen
9. semester (haust): HTEK399 - Masteroppgåve (30 sp)
10. semester (vår): HTEK399 - Masteroppgåve (30 sp)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i sjette semester. Dette studiet er så nytt at vi ikkje har tilrådde utvekslingsland ennå. Tilrettelagte utvekslingsavtalar kjem snart!
Vidare studiemoglegheiter
Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Integrert masterprogram i havteknologi (sivilingeniør)