Hjem

Det psykologiske fakultet

Lesesaler

Lesesalar ved Det psykologiske fakultet

På campus finst både faste og mellombelse lesesalar for studentar ved Det psykologiske fakultet.

Kart over UiB-campus med lesesaler for psykologistudenter
Oversyn over lesesalane for studentar ved Det psykologiske fakultet.
Foto:
UiB

Lesesalar

22 Bjørn Christiansens hus, Christies gate 12

  1. Bibliotek for psykologi, utdanning og helse
    * Måndag - fredag 08.30-19.00.
    * Alle studentar ved Det psykologiske fakultet.
    * Arbeidsplassar med og utan PC.
  2. Første etasje
    * 08:00-19:00 på kvardagar og 10:00-16:00 på laurdagar med nøkkelkort 
    * Alle studentar ved Det psykologiske fakultet.
  3. Andre etasje (rom 201, 202 og 203)
    * 08:00-19:00 på kvardagar og 10:00-16:00 på laurdagar med nøkkelkort 
    * Alle masterstudentar og studentar ved profesjonsstudiet i psykologi

41 Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kor? Det er høve til å nytte seg av dei opne lesesalane i bygget.
Romoversikt Sydneshaugen skole.

Når? Inngang A, B og C er open mellom 08.00 og 16.00 på kvardagar. Det er kortlesar i døra mot Ivar Aasens gate (inngang E).

Med nøkkelkort har du tilgong til bygget (inngang E) mellom 08.00 og 20.00 måndag - søndag.

Kven? Studentar på årsstudium. bachelorprogram og profesjonsstudentar i psykologi.

35 Vektertorget, Christies gate 13

  1. Etasje 2B (rom 252, 253 og 254)
    * Alle dagar med nøkkelkort
    * Masterstudentar ved Det psykologiske fakultet
  2. Etasje 2B (rom 216, 217, 218 og 220)
    * Alle dagar med nøkkelkort
    * Masterstudentar ved Det psykologiske fakultet

D Armauer Hansens hus, Haukelandsveien 28

Kor? Lesesalar og grupperom i 1. etasje.

Når? Alle dagar 06.00-23.00. Gangbru via Haukeland frå BB-bygget.

Kven? Masterstudentar i logopedi og psykologi - studieretning Åtferd og nevrovitskap, og profesjonsstudentar i psykologi som tar PROPSY303 og PROPSY304.

Lesesalsreglement

Alle lesesalar ved UiB er underlagt eit felles lesesalsreglement. I tillegg har Kvalitetsutvalet for undervisning og evaluering (KUE) vedteke utfyllande reglar til dette reglementet for Det psykologiske fakultet.

Lesesalsregelmentet med utfyllande reglar for Det psykologiske fakultet kan du laste ned her.

I eksamensperioden

I desember kan også rom 002, 003 og 004 i kjellaren i Christies gate 12 nyttast som lesesalar. 

  • 003 frå og med torsdag 6. desember til og med fredag 21. desember
  • 002 og 004 frå og med måndag 10. desember til og med fredag 21.desember

Studentar har tilgong med studentkort til desse romma måndag-fredag 08.00-19.00 (NB - ikkje helg eller heiligdagar).