Godkjenning av tidligere utdanning i grad ved Det psykologiske fakultet
Har du tidligere utdanning som du ønsker skal bli en del av graden din ved Det psykologiske fakultet? Her finner du framgangsmåte og søknadsskjema.

Hovedinnhold
Studentar ved Det psykologiske fakultet kan søkje om å få godkjent tidlegare utdanning som del av graden sin. Vi skil mellom to ulike former for tidlegare utdanning; ekstern utdanning og intern utdanning, og to moglegheiter for godkjenning; av obligatoriske emne og av valemne.
Du kan lese meir om godkjenning av utdanning her
Søknadsskjema finn du til høgre på denne sida.
Ekstern utdanning
Med ekstern utdanning meiner vi utdanning som du har tatt ved eit anna universitet eller høgskole enn Universitetet i Bergen.
Du kan søkje om å få godkjent utdanning tatt ved ein annan lærestad, både norsk og utanlandsk, som ein del av bachelor-, master- eller cand.psychol.-graden din ved Det psykologiske fakultet. Bruk søknadsskjemaet du finn til høgre på denne sida.
Den eksterne utdanninga må dokumenterast med:
- emneskildringar
- litteraturlister
Desse må vere på eit av dei skandinaviske språka eller engelsk. Du treng ikkje leggje ved karakterutskrift om utdanningane er frå ein av dei tre lærestadene du finn i denne oversikta. Om lærestaden ikkje er på lista, må du leggje ved karakterutskrift.
Dokumentasjon på ekstern utdanning frå utanlandske lærestader må visast fram i original på Informasjonssenteret samstundes med eller før du søkjer om å få denne godkjend.
Har du tatt ex.phil. eller tilsvarande emne ved ein annan lærestad? Reglane for fritak eller innpassing av ex.phil. står her.
Intern utdanning
Med intern utdanning meiner vi emne som du har tatt ved Universitetet i Bergen, men som i utgangspunktet ikkje er ein del av den graden du no er i gang med. Om du har studert ved UiB er det ikkje naudsynt å fylle ut søknadsskjema her. Send ein førespurnad på UiB Hjelp retta til studierettleiar for ditt studieprogram og spør om emne kan godkjennast som ein del av studieprogrammet du går på no.
Obligatoriske emne
Du kan søkje Det psykologiske fakultet om å få erstatta obligatoriske emne i graden din med emne du har tatt tidlegare. Ein slik søknad er naudsynt for å erstatte obligatoriske emne i graden, som spesialiseringsemne og innføringsemne.
Valfrie interne emne
Det er ikkje naudsynt å sende inn søknad for å få godkjent tidlegare avlagd intern utdanning som valfrie emne i graden din. Her held det å sende ei melding i UiB Hjelp (hjelp.uib.no/) med melding om kva emne du ønskjer skal inngå i den valfrie delen av graden din.
Har du ein heil grad frå før?
Du kan gjenbruke inntil 90 studiepoeng frå ein tidlegare grad ved UiB i ein ny grad ved UiB. Ein tidlegare avlagd grad kan også gje grunnlag for fritak frå innføringsemne og ex.phil. Kontakt studierettleiaren din for informasjon om korleis du går fram for å søkje om godkjenning av emne i grad nummer to.
Examen philosophicum
Om du har tatt ex.phil. ved eit anna faktultet ved UiB, treng du ikkje å søkje spesielt om å få bruke denne i graden. Alle ex.phil.-variantane ved UiB er likeverdige og dette vil automatisk bli lagt inn i utdanningsplanen din. Sjekk om vi kan hente inn exphil.-resultatet ditt elektronisk i denne oversikta over universitet og høgskolar. Om du opplever at tidlegare avlagd ex.phil. ved UiB likevel ikkje dukkar opp i utdanningsplanen din, kan du sende ei melding i UiB Hjelp (hjelp.uib.no/) for å få retta opp dette.
Legg merke til at ex.phil. er vekta med 10 studiepoeng ved Universitetet i Bergen. Om du har tatt ein ex.-phil.-variant som har færre studiepoeng, til dømes 7,5 studiepoeng ved NTNU, vil du få for lite studiepoeng. I så fall vil vi i tillegg innpasse studiepoeng av anna tidlegare utdanning, eller du kan ta eit ekstra emne ved UiB.
Har du fullført ein heil grad? Om du har ein bachelorgrad utan ex.phil., kan du likevel få fritak for ex.phil. Om du har graden din frå utlandet, må du vise fram original karakterutskrift/vitnemål i Informasjonssenteret i Christiesgate 12 i 1. etasje. Du vil då få innpassa 10 studiepoeng frå eit anna emne du har tatt. Om du har fått fritak frå ex.phil. er det ikkje naudsynt å ta eit anna emne ved UiB for å erstatte ex.phil.
Delstudium i utlandet
Om du skal reise på utveksling eller ønskjer å få godkjent delstudium i utlandet i graden din, finst det eigen rutinar for godkjenning. Informasjon om dette finn du på sida vår om godkjenning av studieopphald i utlandet.
Vedtekter som omhandlar godkjenning, innpassing og fritak finn du her:
- Forskrift om opptak, studiar, eksamen og grader ved UiB, kapittel 3, §3.3 og §3.4
- Det psykologiske fakultet sine utfyllande reglar, kapittel 3
- Lov om universiteter og høgskoler kapittel 3, §3-5 «Godskriving og faglig godkjenning»
Kontakt
Eventuelle spørsmål kan du rette til til Informasjonssenteret for studentar.
Telefon: 55 58 27 10 (fra 10.00 - 14.00)
E-post: info@psyfa.uib.no