Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Forskarutveksling

Franklin Furlong gjestar Sampol

Eit podkastprosjekt har gjort Franklin Furlong frå University of Washington til gjesteforskar ved Institutt for samanliknande politikk.

Franklin Furlong at one of The University of Washington (UW) Men's Basketball team's matches. The accompanying husky dog is the school mascot of UW.
Franklin Furlong at one of The University of Washington (UW) Men's Basketball team's matches. The accompanying husky dog is the school mascot of UW.
Foto/ill.:
Frank Furlong

Hovedinnhold

Motivasjonen til å reise til Universitetet i Bergen fekk Franklin Furlong frå doktor Christine Ingebrigtsen ved Institutt for skandinaviastudiar ved Washington-universitetet i Seattle.

 

- Ho vekka ei intens interesse i meg for moderne skandinavisk politikk. Denne interessa vart slått saman med erfaringa mi frå dei siste sju åra mine som tilsett ved Det medisinske fakultetet ved Washington-universitetet i Seattle. Eg har til føremål å halde fram med studiane mine av det historiske norske engasjementet i global helse, basert på det norske helsesystemet, særleg i samband med ebola-utbrotet i Vest-Afrika i 2014.

 

Samtalar mellom besøkande og lokale forskarar
Men Furlong sitt hovudprosjekt er å fullføre ein serie med podkastar som inneheld samtalar mellom forskjellige gjesteforskarar frå Washington-universitetet og vitskaplege tilsette ved Universitetet i Bergen. Av temaa som blir tekne opp er: Samanliknande studiar av høgreorienterte politiske rørsler, Arktis, Den norske kyrkja, kva som kjenneteiknar ei god forskarutveksling, og globale og nasjonale helsesystem.

 

- Å ta opp 30 minutt lange podkastar av vitskapsfolk som pratar med sine særeigne stemmeleie og stemmeklang, tvil og pausar, og svingingane i røysterytmen deira, kan legge den personlege reisedimensjonen til det vi les i akademiske artiklar både her og heime i Statane. Det er den hemmelege, og mest viktige eigenskapen i ei god akademisk utveksling: Samtidige personlege møter mellom menneske som resonnerer gjennom resten av dei akademiske karrierane og liva våre.

 

Forskingsopphaldet i Bergen
Furlong siterer Marin Buber på at «alle reiser har eit hemmeleg mål som den reisande sjølv ikkje er merksam på». Hans hemmelege mål har vore dei uventa, nye kollegaane og venene han har og vil møte i Noreg.

 

- Eg prøvar å prioritere dei daglege, samtidige møta med tilsette på Instituttet og vener eg får i Bergen.

 

Dersom du er interessert i å vete meir om Furlong sine prosjekt, ta gjerne kontakt med han på furlof@uw.edu