Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Ny førsteamanuensis

Nytilsett: Georg Picot

Velferdsstatar, arbeidsmarknader, politiske parti og samanliknande politisk økonmi står i fokus for Georg Picot som vart ønskt velkomen som førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk denne månaden.

Georg Picot
Foto/ill.:
Kurt-Rune Bergset

Georg Picot starta denne månaden i virket sitt som førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk. Picot sitt forskingsfokus er retta mot samanliknande velferdsstatsforsking, og særleg er han orientert mot arbeidsmarknadspolitikk og usikre tilsettingsforhold.

Picot har også ei brennande interesse for politiske parti og samanliknande politisk økonomi, og har tidlegare vore tilsett ved universiteta i Manchester, Oxford og Heidelberg.

 

Startar med publisering

Den nye førsteamanuensen starta engasjementet sitt ved Universitetet i Bergen med å signere sin første artikkel som førsteamanuensis i den same månaden som han kom til byen. Artikkelen er publisert saman med Gerda Hooijer ved Universitetet i Oxford i tidsskriftet Comparative Political Studies, under tittelen European Welfare States and Migrant Poverty: The Institutional Determinants of Disadvantage.

I nær sagt alle europeiske velferdsstatar er risikoen for fattigdom større for innvandrarar enn for folk som er fødde i landa. I artikkelen undersøker Hooijer og Picot denne variasjonen og bidreg til den veksande litteraturen om velferdsstaten sin verknad på immigrantar. Dei set fram ein hypotese om at immigrantar sitt utbytte av velferdsordningar er ein funksjon av tre samvirkande faktorar: innvandringspolitikk, arbeidsmarknadsregulering og reglane for tildeling av velferdsgoder.

Ved bruk av fuzzy-set-analyse utforskar Hooijer og Picot samspelet mellom desse faktorane i seksten vest-europeiske statar. Funna deira syner at i dei fleste land vil ein høg graad av ulempe for innvandrarar vere resultatet av ein kombinasjon av ein stor del innvandrarar på humanitært grunnlag, samt familiesameining og generøse velferdsordningar. Den underliggande mekanismen er at «uønskte» immigrantar er institusjonelt hindra frå å få full tilgang til generøse velferedsordningar.

Det ovanståande samandraget er ei omsetting av det engelske samandraget av artikkelen, som du kan finne på nettsidene til tidsskriftet.