Hjem

Institutt for sammenliknende politikk

Rokkanførelesinga 2015

Universitetsaulaen full for Rokkanførelesinga

Studentar, akademikarar og - eit sjeldent fenomen - høgsterettsdommarar fylte den nye Universitetsaulaen under årets Rokkanførelesing med prof. Lee Epstein.

Neste
Professor Lee Epstein frå Washington University i St. Louis heldt årets Rokkanførelesing. Temaet for førelesinga var «The Study of Judicial Behavior».
Professor Lee Epstein delivered the 2015 Stein Rokkan Memorial Lecture, entitled “The Study of Judicial Behaviour.”
Foto:
Kurt-Rune Bergset
1/4
Rokkanførelesinga2015
Årets Rokkanførelesing var del av Universitetet i Bergen si markering av 200-årsjubileet for Noregs Høgsterett.
Foto:
Kurt-Rune Bergset
2/4
Universitetsaulaen var full av studentar, akademikarar og høgsterettsdommarar (!) under årets Rokkanførelesing.
Universitetsaulaen var full av studentar, akademikarar og høgsterettsdommarar (!) under årets Rokkanførelesing.
Foto:
Kurt-Rune Bergset
3/4
Professor Lee Epstein frå Washington University i St. Louis heldt årets Rokkanførelesing. Temaet for førelesinga var «The Study of Judicial Behavior».
Professor Lee Epstein frå Washington University i St. Louis heldt årets Rokkanførelesing. Temaet for førelesinga var «The Study of Judicial Behavior».
Foto:
Kurt-Rune Bergset
4/4
Tilbake

Det er ikkje uvanleg at studentar og akademikarar fyller salen når dei største namna innan statsvitskap og samanliknande politikk kjem til Bergen for å halde den årlege minneførelesinga til ære for Stein Rokkan. Så også tysdag 22. september 2015.

Nytt av 2015 er ikkje berre at salen var den nye Universitetsaulaen, men også at store deler av dommarkollegiet i Noregs Høgsterett hadde møtt opp for å høyre professor Lee Epstein frå Washington University i St. Louis førelese over temaet «The Study of Judicial Behavior». Bakgrunnen er at årets Rokkanførelesing var ein inkoroporert del av den to dagar lange konferansen «Supreme Courts in Contexts», til ære for Noregs Høgsterett i høve 200-årsjubileet til domstolen.

Sjå videopptak av heile Rokkanførelesinga her!

Om Lee Epstein
Professor Lee Epstein er ein av verdas fremste domstolsforskarar. I forsking og undervising har ho fokusert på rettslære, juridiske institusjonar og på åtferda til dommarar. 

Epstein er Ethan A.H. Shepley Distinguished  University Professor ved Washington University i St. Louis, men underviser også i rettslære ved Universitetet i Chicago og er ein av hovudpersonane bak The U.S. Supreme Court Database Project. Åleine og i samarbeid med andre har ho forfatta over 100 vitskaplege artiklar og 17 bøker, der An Introduction to Empirical Legal Research (saman med Andrew D. Martin) er det siste tilskotet.

Les meir om professor Lee Epstein her.

Om Stein Rokkan og Rokkanførelesinga
Stein Rokkan var ein internasjonal pionér innan samanliknande politikk og samfunnsforsking, og er særleg kjend for bidraga sine til forskinga på nasjonalstatar og demokrati. Rokkan var i si tid ein av dei internasjonalt største norske samfunnsforskarane, og hadde eit særleg ansvar for utbygginga av Institutt for samanliknande politikk som professor i sosiolog på 60-talet, samt pioner innan innsamling av samfunnsvitskaplege data og ein av grunnleggarane av The European Consortium for Political Research, ECPR.

Rokkanførelesinga er eit årleg arrangement i regi av Institutt for samanliknande politikk. Sidan Erik Allardt heldt den første Rokkanførelesinga i 1981 har Rokkanførelesinga trekt 34 leiande samfunnsvitarar til Bergen.

Les meir om Rokkan her