Midlar til migrasjonsforsking
Hakan G. Sicakkan er med i ei internasjonal forskargruppe som har fått tildelt midlar for eit forskingsinitiativ knytt til skjult migrasjon i ly av globale økonomiske, sosiale og politiske endringar.
Hovedinnhold
Saman med ei gruppe forskarar knytt til Worldwide Universities Network (WUN) har førsteamanuensis ved Inst. for samanliknande politikk, Hakan G. Sicakkan fått tildelt midlar for eit internasjonalt prosjekt knytt til å utvikle ein metode for å måle effekten av migrasjonspolitikk. Særleg vil gruppa fokusere på skjult migrasjon og sårbare migrantgrupper.
Skjult migrasjon
«Dette er eit ‘forskingsinkubasjonsinitiativ’. Det vil seie at vi skal gjere eit utforskande førearbeid, med sikte på å utvide prosjektet med meir midlar på eit seinare stadium,» seier Sicakkan. Målet med det utforskande førearbeidet er å initiere utforsking av emnet «skjult migrasjon» i ly av globale økonomiske, sosiale og politiske endringar.
Prosjektet vil støtte opp om det arbeidet Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) nyleg har sett i verk med eit globalt analysesenter for migrasjonsdata (Global Migration Analysis Centre, GMDAC) i Berlin. Forskingsnettverket vil særleg svare på behovet for eit vitskapleg rammeverk som kan informere og føre søket etter kvalitative og kvantitative data innanfor desse emna. For å møte desse behova består prosjektet av både migrasjons- og asylforskarar og dataforskarar.
Skjult migrasjon, irregulær migrasjon og tvungen migrasjon er allereie rekna som sentrale fokus i diskusjonar og samarbeid mellom nasjonale regjeringar og IOM.
Frå heile verda til Maastricht og Bristol
Den første aktiviteten til forskargruppa blir ei rekke på tre forskarpanel om skjult, irregulær og tvungen migrasjon på migrasjonskonferansen som blir arrangert av WUN i Maastricht 2. og 3. april 2016. Den følgjande aktiviteten blir eit symposium i Bristol i November.
Forskarar frå kring femten universitet verda rundt vil ta del i desse aktivitetane.