Kva rolle spelar ekspertkunnskap i asylsaker?
Migrasjonsforskar Marry-Anne Karlsen ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) ved UiB får prestisjefylt tildeling frå EU for å forske på ekspertkunnskap i asylfeltet.
Hovedinnhold
Stemninga stod i taket på SKOK då det blei kjend at Karlsen fekk ERC Starting Grant for 2022 for sitt prosjekt «Contested Knowledges in and through Asylum Litigation (ASYKNOW). Dette er ei høgthengande tildeling frå EU til unge, lovande forskarar som har utmerka seg i karrieren sin. Tildelinga utgjer 1,5 millionar euro.
Ekspertkunnskap – upartisk autoritet?
Bakgrunnen for ASYNOW er den aukande graden av polarisering på asylfeltet og eit påfølgande behov for å tenke nytt om rolla ekspertkunnskap spelar på dette området.
– Det stadig veksande nivået av konflikt og politisering på feltet har ført til eit veksande krav om ekspertkunnskap som ein upartisk autoritet, seier Karlsen.
Samtidig bidreg polariseringa til å utfordre ideen om at ekspertkunnskap utgjer det rette grunnlaget for rettsavgjersler i asylsaker.
Landrapport om Syria førte til at hundrevis av flyktningar mista opphaldsløyve
Gjennom si etnografiske forsking har Karlsen observert korleis asylsøkarar må tilpasse seg endringar i kva kunnskap som trengs i saka deira.
– I feltarbeidet mitt har eg sett asylsøkarar etterspørje legeerklæringar dei oppfattar som viktige for saka si, også når det er uklårt om erklæringane faktisk kan utgjere ein forskjell.
Karlsen har også observert korleis ulike landrapportar, heller enn lover, kan påverke tilhøva for asylsøkarar i forskjellige land. Ein rapport som vurderte Syria som trygt blei i Danmark brukt som grunnlag for å trekke tilbake opphaldsløyve for hundrevis av flyktningar, men dette skjedde ikkje i Noreg eller Tyskland.
Korleis blir kunnskap mobilisert, imøtegått og etablert i asylsaker?
I det femårige prosjektet skal Karlsen og forskargruppa hennar gjennomføre ei etnografisk, komparativ undersøking av rettsprosessar i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.
– Vi ønskjer å finne ut korleis kunnskap om asylsøkarar og migrasjon blir mobilisert, imøtegått og etablert i asylsaker, noko som ikkje før har blitt gjort systematisk reie for eller tilstrekkeleg teoretisert.
ASYKNOW er eit tverrfagleg prosjekt som kombinerer teoretiske konsept, metodar og funn frå geografi, antropologi, juss og vitskaps- og teknologistudiar (STS) i ein grad som ikkje tidlegare har blitt gjort i migrasjonsforskinga. Prosjektet vil kunne gi viktig innsikt i korleis ulike typar kunnskap legg til rette for eller utfordrar statar sine moglegheiter til å utøve makt over menneske og territorium.
Migrasjonsforsking kan avdekke globale maktstrukturar
I følgje senterleiar ved SKOK, Kari Jegerstedt, har migrasjonsforsking eit enormt stort potensial til å avdekke globale maktstrukturar, ikkje minst når det gjeld kjønn, seksualitet, rasialisering, klasse og funksjonsdyktigheit.
– Forsking på migrasjon har difor lenge vore eit sentralt satsingsområde på SKOK. Marry-Anne sitt tverrfaglege ERC-prosjekt kastar ikkje berre nytt lys over tilhøvet mellom makt og migrasjon, men tilbyr heilt nye metodar for å forske på dette tilhøvet. ASYNOW vil ha stor tyding både for å analysere migrantane sine situasjon og for den vidare tenkinga om identitet og makt i verda.