Hjem

Historie, årsstudium

Historie er faget om fortida til menneska, og handlar om samfunnsutvikling, samhandling og konflikt frå antikken til i dag. Eit årsstudium i historie er først og fremst retta mot deg som vil supplere tidlegare utdanning, treng undervisningskompetanse i eit nytt fag, eller vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng. Du studerer eldre og nyare historie, både norsk historie og verdshistorie. Faget gir oversikt over fortida til mennesket og korleis menneskelege samfunn har utvikla seg. Kva har kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder hatt å seie for denne utviklinga? Ved å kjenne til og forstå utviklingstrekk i fortida forstår vi også betre verda i dag, og står dermed betre rusta til å gjere gode val for framtida. 

Historiefaget prøver å finne svar på: 

  • Korleis kan kunnskap om fortida bidra til ein betre forståing av nåtida? 
  • Korleis påverkar ulike metodiske tilnærmingar sjølve tolkinga av fortida? 
  • Korleis går vi fram for å etablere kunnskap om det som var? 

Faget gir gode verktøy til å arbeide kritisk med tekst, lesing, skriving og formidling. 

Hos oss får du oppleve å være student på eitt av dei større faga ved Universitetet i Bergen, med omfattande forsking og undervising på alle nivå. Kjenneteikna for faget er stor spennvidde med forsking og undervising i alt frå bronsealderen til samtida, med fokus på Noreg og Norden, Europa, Midtausten og Afrika, USA og Kina. 

Fagside for historie. 

Meir informasjon under

HIS100 - Undervisningsopplegg på innføringsemne

Kvifor årsstudium? 

Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år, for eksempel for å komplettere tidlegare utdanning. Kanskje har du hatt historieemne som del av eit språkstudium, og ønsker å spisse kompetansen på feltet? Eller treng du ein breiare samansett utdanning med kunnskap i eit ekstra fag?  

Årsstudiet passer også for deg som har lærarutdanning med master, og ønsker undervisningskompetanse i historie.  

Kjem du rett frå VGS kan du søke opptak på årsstudiet, men du vil nok ha ei betre studentoppleving av å velje bachelorprogrammet i historie, som er betre tilrettelagd for deg som er ny i høgare utdanning, med ex.phil., innføringsemne/ex.fac., faddergrupper og sosialt studentliv. 

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan søke om overgang til bachelor (internt) om du vil fortsette studia.   

Karriere 

Med ei utdanning i historie har du mange spennande yrkesmoglegheiter. Du kan for eksempel jobbe som 

  • historielærar 
  • arkivar 
  • journalist eller kommentator innan media 
  • konservator på museum 
  • rådgivar i offentleg forvaltning,  
  • redaktør eller konsulent i eit forlag.  
  • i norske og internasjonale organisasjonar.  

Dersom du vil fortsette studia, kan du søke opptak til bachelorprogrammet i historie. Årsstudiet i historie kan då i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.  

Årsstudium historie gir grunnlag for opptak til historiedidaktikk ved opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU)

Karrieremoglegheiter for historikarar. 

Meir informasjon under

Oppbygging  

Årsstudium i historie er eit fulltidsstudium, som startar i august. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.   

Eit årsstudium i historie kan sjå slik ut: 

1. Semester (haust) 

  • HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 (15 studiepoeng) 

Vel eitt emne: 

  • HIS113 Fordjuping i eldre historie (15 studiepoeng) 
  • HIS114 Fordjuping i eldre historie (15 studiepoeng) 
  • HIS130 Politiske system i antikken (15 studiepoeng) 
  • HIM104 Islam i Afrika sør for Sahara, c. 1500-2000 (15 studiepoeng) 

2. Semester (vår) 

  • HIS102 Oversyn over nyare historie til 1750 (15 studiepoeng) 

Vel eitt emne: 

  • HIS115 Fordjuping i nyare historie (15 studiepoeng) 
  • HIS116 Fordjuping i nyare historie (15 studiepoeng) 
  • HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng) 
  • EUR103 Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi (15 studiepoeng) 
  • HIM101 Oversyn over Midtaustens historie (15 studiepoeng) 
  • HIM103 Islam og politikk (15 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen 

Årsstudium i historie er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. 

I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervising i form av forelesningar og seminargrupper.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag).    

Historiestudentar har tilgang til lesesalar på Sydneshaugen skole og på Bibliotek for humaniora. 

Obligatorisk: Emna HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 (15 studiepoeng) og HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 (15 studiepoeng) er obligatoriske. 

Valfritt: 30 studiepoeng av årsstudium i historie er valfrie studiepoeng der du kan velje mellom ei rekke ulike fordjupingsemne i historie. (HIS113, HIS114, HIS115, HIS116, HIS130, EUR103, HIS108, HIM101, HIM201, HIM104

Historiestudentane set pris på eit godt studentmiljø, flinke førelesarar, og at studietilbodet er både godt og breitt. Slik opplevde tidlegare studentar i historie tida som student og livet etterpå. 

Kva lærer du? 

Med eit årsstudium i historie: 

  • har du god oversikt i norsk og internasjonal historie, og særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar 
  • kan du trekke linjer mellom historiske hendingar, drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar.  
  • kan du sette deg inn i nye problemfelt, analysere saker frå fleire sider og sette notidige fenomen inn i ei breiare historisk ramme. 

Sjå heile lista over læringsutbyte

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i historie. 

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her