Hjem

Sosialantropologi, årsstudium

Sosialantropologi er eit samanliknande studium av kultur og samfunn. Antropologar studerer mellom anna sosiale fellesskap, rituelle handlingar, etniske grenser, politiske konfliktar og relasjonar mellom natur og samfunn.
  • Lengde1 år
  • Ordinær43,5
  • Primær41,7
  • Plassar20
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Straumen av menneske, ting og informasjon på tvers av landegrenser har aldri vore større, og den sosiale og økonomiske ulikskapen mellom folk aukar. Sosialantropologi handlar om det kulturelle mangfaldet i verda. Forskingsmetoden er feltarbeid, der ein bur blant folk over lang tid for å få ei djupare forståing av dei sosiale prosessane som bind oss saman. På dette studiet får du konkret, forskingsbasert kunnskap om menneske, kultur og samfunn verda over.

Vi drøftar mellom anna:

  • Kva er det som gjer oss menneske like på tvers av sosiale og kulturelle bakgrunnar – og kva gjer oss forskjellige?
  • Kva er forholdet mellom individ og samfunn?
  • Korleis er makt fordelt, kven sit med definisjonsmakta og kva konsekvensar får ulike avgjerder for kven?

Gjennom studiet lærer du å sjå nye perspektiv på samfunnsaktuelle tema, som forbrukarsamfunnet, innvandring og integrering, og klimaendringane jorda står ovanfor. Du lærer å sjå bak polariserte meiningar og nyansere korleis tematikk vert framstilt, til dømes i media.

Sidan vi i dag lever i ei stadig meir globalisert verd er kunnskap om mellommenneskeleg samhandling og evne til kritisk tenking heilt nødvendig. Gjennom sosialantropologi lærer du å tenke analytisk om sosialt liv og samfunn. Kompetansen du får gjennom antropologistudiet gjer deg rusta til å jobbe i dei fleste delar av samfunnet

7 grunnar til å studere sosialantropologi

Meir informasjon under

illustrasjonsbilde
Foto/ill.:
Elina Troscenko

Kvifor velje årsstudium?

På årsstudiet kan du studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for deg som vil bygge på tidlegare utdanning, eller om du berre vil studere i eit år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i sosialantropologi gir undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga.

Eit årsstudium er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men det kan inngå som del av en bachelorgrad i sosialantropologi. Du kan søke om å bytte studieprogram dersom du vil studere meir. Når du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein mastergrad i sosialantropologi.

Våre tidlegare studentar jobbar i alle sektorar, med alt frå antropologisk forsking, rusomsorg og barnevern til arbeid i internasjonale organisasjonar som Røde Kors og FN. Mange sosialantropologar jobbar som kulturomsetjarar av ulik art, også innanfor flyktning- og innvandringsfeltet.

Antropologar i arbeidslivet

Oppbygging

Årsstudiet i sosialantropologi går over to semester og startar i august.

Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.

Årsstudium med innføringsemne

Passer for deg som ikkje har studert før, svarar til det første året i bachelorstudiet i sosialantropologi.

1. semester

  • SANT100 Invitasjon til sosialantropologi (10 studiepoeng)
  • SANT150 Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar (10 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVEKS/EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester:

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 studiepoeng)
  • SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 studiepoeng)

Årsstudium med spesialiseringsemne

Passer for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.

1. semester:

  • SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon (15 studiepoeng)
  • SANT105 Maktas uttrykk og tilsløring (15 studiepoeng)

2. semester:

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 studiepoeng)
  • SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Sosialantropologi ved UiB passar for deg som er engasjert, open og samfunnsinteressert, som ønskjer å gå i djupna og er nysgjerrig på menneske. Det er eit føremon om du liker å reflektere over  problemstillingar der du ikkje kan sette to strekar under svaret.

Studiekvardagen har ein god del sjølvstudium, så studiet passar godt for deg som er sjølvstendig og liker å legge opp studieveka på eigehand. Undervisning og litteratur vil vere på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Institutt for sosialantropologi held til i SV-bygget Lauritz Meltzers hus, som ligg rett ved sida av både biblioteket og Ulrike Pihls hus med undervisingsrom og lesesalplassar. Det er ei kantine i SV-bygget, og i nabobygga finst tre kaféar som er populære for både studentar og tilsette ved UiB.

Sosialantropologi er kjent for å ha eit inkluderande og engasjert studentmiljø, med aktive studentorganisasjonar som Fagutvalet og tidsskriftet Kula Kula. Du kan vere med i antropologisk filmklubb, podkast, arrangere debattar og andre faglege og sosiale treff. Faget er ein augeopnar, og mellom studentane florerar livlege diskusjonar og viktige problemstillingar du kan bryne deg på. Du får verktøy og omgrep til å sjå og forklare ting du tidlegare ikkje var oppmerksam på. Antropologi er vel så mykje ein måte å tenke på og sjå verda på, som det handlar om teoriar og metode.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

På årsstudiet lærer du å:

  • gjere greie for alternative kulturelle forståingar og praksisar på ei rekkje livsområde
  • meistre tekstanalyse og akademisk skriving på ein måte som legg grunnlag for sjølvstendige faglege utgreiingar, og som førebur deg for arbeidslivet og høgare gradsstudiar i sosialantropologi
  • ta i bruk analytiske omgrep og perspektiv til å reflektere over lokale og globale samfunnsprosessar

Fullt læringsutbyte

Utveksling

Det er ikkje høve til utveksling på årsstudium.

Korleis søke

For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her