Sosialantropologi (master)

Sosialantropologi handlar om sosialt og kulturelt mangfald i verda. Sosialantropologar set spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar, og utforskar ulike måtar å leve, handle og tenke på. Vi går tett på livet til ulike menneske og analyserer lokale tilpassingar til globale endringsprosessar.

Kva lærer du?

Sosialantropologi gjev deg verktøy for å forstå den komplekse samtida vår. Du får konkret, forskingsbasert kunnskap om menneske, kultur, politikk og samfunn verda over. Sosialantropologi gjev deg kunnskap og perspektiv til å forstå sosiale strukturar, identitetar, konfliktar, maktrelasjonar og endringsprosessar på nye måtar. Feltarbeidet gjev deg ein unik kompetanse og gjer deg til ekspert på å utforske nye felt, analysere funn og kritisk diskutere vedtekne sanningar. På masterprogrammet lærer du å

  • fortolke, forstå og formidle ulike perspektiv på verda, og stille nye spørsmål i lys av ny kunnskap.
  • planlegge og gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg undersøking, inkludert langvarig feltarbeid i komplekse sosiale situasjonar.
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og gjennomføre eit prosjekt.
  • utforme og løyse ulike problemstillingar og formidle kunnskap på tvers av kulturar og sosiale bakgrunnar.

Studiekvardag

I første semester har du forelesingar, seminar og du utviklar ditt eige forskingsprosjekt. Resten av studieløpet er sett av til di eiga forsking, i form av feltarbeid og skriving av masteroppgåva. Undervisninga er i hovudsak på norsk, medan litteraturen er på norsk og engelsk. Du vel sjølv tema for masterprosjektet.

Som masterstudent i sosialantropologi ved UiB får du

  • tildelt fagleg rettleiar.
  • tre heile semester til di eiga forsking.
  • tilgang til lesesalplass på instituttet.
  • bli med i ei forskargruppe dersom andre ved instituttet forskar på liknande tematikk.

Feltarbeid i andre semester er obligatorisk og varer i fire til seks månader. Du kan gjere feltarbeid i heile verda, også i Noreg. Gjennom feltarbeidet får du både kulturell, sosial og politisk kunnskap og metodiske ferdigheiter som er nyttige erfaringar når du skal ut i jobb.

Kva kan du jobbe som?

Menneskelege evner blir endå viktigare i eit arbeidsmarknad prega av at KI tek over fleire oppgåver. Tek du ein master i sosialantropologi, lærer du å innhente kvalitative data ved å observere det feltet du skal utforske, analysere komplekse data, tenke kritisk, og forstå og formidle kva som gir meining for dei du studerer.

Sosialantropologar jobbar ofte som kulturomsetjarar, i store selskap eller for menneske som opplever at deira interesser ikkje blir godt ivaretekne. Mange jobbar som rådgivar i offentleg eller privat sektor, eller i internasjonale organisasjonar, som Røde Kors eller FN. 

Les intervju med tidlegare studentar

Opptakskrav og søknadsfrist

Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Søknadsfrist: 15. april

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Masterstudiet i sosialantropologi er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.    

1. semester: 

SANT300 – Antropologisk kunnskapsproduksjon og etnografisk praksis (10 studiepoeng) 
SANT302 – Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng) 
Eit valfritt emne i aktuelle forskingstema ved instituttet (SANT310-X) (10 studiepoeng) 

2. semester: 

SANT320 – Praktisk metodekurs: Antropologisk feltarbeid (30 studiepoeng) 

3. og 4. semester: 

SANT350 – Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Utveksling

Ein kan ikkje dra på utveksling og ta emne ved andre universitet i løpet av masterstudiet, men feltarbeidet kan utførast kor som helst i verda og gjev ein unik moglegheit til kulturutveksling.

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med mastergrad i sosialantropologi kan ein søke seg vidare på ph.d.-studiar (forskarutdanning), både innan sosialantropologi og i enkelte tverrfaglege studium. 

Dersom ein har to undervisningsemne i graden sin, kan ein med påfølgande eitt-årig praktisk-pedagogisk utdanning også bli lektor.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.sosantr@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i sosialantropologi

Lenke til video