Hjem

Kinesisk, bachelor, 3 år

Bachelorprogrammet i kinesisk har som mål å gi deg praktiske språkkunnskapar i kinesisk (mandarin) og eit grundig innblikk i landet Kina.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kinesisk er det mest utbreidde morsmålet i verda. Med ein bachelorgrad i kinesisk får du kunnskapen du treng for å kommunisere med 1,4 milliardar menneske. På studiet lærer du òg om kinesisk historie og kultur, og du blir i stand til å kommunisere både i akademiske og kvardagslege samanhengar.  

På kinesiskfaget får du svar på spørsmål som: 

  • Kor mange skriftteikn må du kunne for å skrive og lese kinesisk på eit fungerande nivå?   
  • Forstår dei som snakkar mandarin, kantonesisk og taiwanesisk kvarandre?   
  • Er konfutsianisme den nasjonale religionen i Kina?  
  • Korleis har det seg at Kina er kjend som eit sosialistisk land, men har marknadsøkonomi? 

Kina sin økonomi er den nest største i verda, og har hatt ei dramatisk utvikling dei siste 40 åra. Kina har blitt ein svært viktig handelspartnar for Noreg og Europa, og det blir stadig viktigare å ha eit godt økonomisk og politisk samarbeid. Gjennom bachelorstudiet får du forståing for ein annleis og unik kultur. Du  får møte eit land som er langt unna oss både geografisk og kulturelt, og oppleve historie, folk og mat som vil utvide horisonten din. 

Studiet er nytt og er eitt av dei to beste studieprogramma for kinesisk språk og kultur i Noreg. 

Studiar visar at kinesisk no er eitt av dei mest lønsame framandspråka du kan lære deg. Det å kunne bruke eit så økonomisk viktig språk er ein stor fordel i mange yrke, og vil kunne gi deg ein fordel når du skal konkurrere i arbeidsmarknaden etter utdanning. 

Meir informasjon under

Velg Språk!

Producer:
Flimmer Film

Studiekvardagen 

Hos oss blir du ønska velkommen til eit nært og oppmuntrande miljø, med tett kontakt mellom studentane og forelesarane. Her får du lære språk av lærarar med mandarin som morsmål. Du får moglegheiter for å reise på utveksling eller ta eit intensivt språkkurs i Kina.  

Bachelorprogrammet i kinesisk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha rundt 10 timar med undervising i form av forelesningar og seminargrupper. Det semesteret du skriv bacheloroppgåve er det mindre undervisning. Det er krav om 75 prosent obligatorisk oppmøte til undervisninga på kinesiskemna. 

Undervisninga og litteraturen er på norsk, engelsk og kinesisk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne. 

Vi held til på HF-bygget på Sydnes i Bergen sentrum, med lesesalar på Sydneshaugen skole. Vi har òg PC-stover du kan bruke, og du kan booke grupperom dersom du vil samle kollokviegruppa di. 

Bachelorprogrammet i kinesisk inneheld 60 frie studiepoeng. Det vil seie at du kan fylle til saman eitt år av studiet med emne du sjølv har valt blant alle emna UiB tilbyr, og byggje di eiga unike kompetanse. Dei frie studiepoenga kan du til dømes bruke på å dra på utveksling eller ta emne innanfor skulefag, språkfag, lingvistikk, historie- og kulturfag, estetiske fag, praksisemne eller andre fag som er relevante for vidare utdanning eller yrkesplanar. Dersom du vil ta ein mastergrad etter bachelorgraden, bør du snakke med studierettleiar om kva emne innanfor dei frie studiepoenga som blir best for deg. 

Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du ta emnet PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid. Dette emnet tar sikte på å trene studentane i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver med praksis i løpet av semesteret du tar emnet. 

Slik er studiekvardagen ved HF

Jobb

Kunnskapar i kinesisk språk, historie, kultur og sosial utvikling er eigenskapar det er stort behov for i dag.  

Med ein bachelorgrad i kinesisk har du jobbmoglegheiter i bransjar som språkutdanning, media, forlag og omsetjing. Du kan òg gå vidare med studia til forsking på Kina og kinesisk språk og kultur.  

Etter bachelor i kinesisk kan du søke deg vidare til masterprogrammet i kinesisk ved Universitetet i Bergen, liknande masterprogram ved Universitetet i Oslo eller i utlandet.

Les meir om kva jobbar du kan få med ei humanistisk utdanning

Meir informasjon under

Oppbygging  

Bachelorprogrammet i kinesisk er eit treårig fulltidsstudium. Oppstart er i august.   

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.   

Slik kan studiet så ut:     

1. semester (haust) 

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)  
  • EXFAC00SK Examen facultatum Språkkunnskap (10 studiepoeng) 
  • KIN100 Kultur, historie, samfunn og språk i Kina (10 studiepoeng)  

2. semester (vår) 

  • KIN101 Innføring i kinesisk språk 1 (15 studiepoeng) 
  • KIN102 Kinesisk språk 2 (15 studiepoeng) 

3. semester (haust) 

  • KIN103 Kinesisk språk 3 (15 studiepoeng) 
  • KIN104 Kinesisk språk 4 (15 studiepoeng) 

4. semester (vår)

  • KIN201 Kinesisk språk 5 (15 studiepoeng) 
  • EAS251 Bacheloroppgåve i kinesisk (15 studiepoeng) 

5. semester (haust) 

  • Frie studiepoeng (lenke til moglege emne) eller utveksling (30 studiepoeng) 

6. semester (vår) 

  • Frie studiepoeng (lenke til moglege emne) eller utveksling (30 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Kva lærer du? 

Med denne utdanninga: 

  • har du grunnleggjande kunnskapar i kinesisk grammatikk og lydlære.   
  • kan du lese og forstå nærmare 2000 ord og 800 skriftteikn, og skrive minst 350 skriftteikn.   
  • kan du kommunisere på kinesisk på mellomnivå.   
  • har du grunnleggjande kunnskap om kinesisk samfunn og historie

Sjå heile lista over læringsutbyte

Utveksling 

Eit utvekslingsopphald på eitt eller to semester gir verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Vi tilrår og legg godt til rette for at du skal få utveksle i løpet av studiet ditt.  

Du kan reise til høgt anerkjende kinesiske universitet i femte og/eller sjette semester. Det er mogleg å reise på utveksling tidlegare i studiet òg: snakk med studierettleiar, så får du hjelp med å sette opp ein plan  som passar deg. 

Utvekslingsavtalane gjer det mogleg å velje mellom eit mangfald av ulike kurs, der emne innan kinesisk språk er spesielt vektlagde.  

Korleis søke om å reise på utveksling?  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her