Nordisk språk og litteratur, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Du møter både den moderne litteraturen og eldre litteratur, om norsk i samtida og språkhistoria. Du får sjå litteraturen i historisk perspektiv og lese dagsaktuelle tekstar som går rett inn i samfunnsdebatten.
Om du er glad i å diskutere litteratur, idéhistorie og samfunnsspørsmål, finn du mykje av dette her, anten som del av språkhistoria eller som tema i dei litterære tekstane.
Nokre av spørsmåla vi diskuterer på nordisk:
- Korleis endrar det norske språket seg i vår tid?
- Kva kjenneteiknar ulike teksttypar og sjangrar, og korleis kan ein arbeide analytisk med dei?
- Kva endringar i tenke- og skrivemåtar har funne stad i kulturen vår – frå mellomalderen til i dag?
Du får ei betre forståing av den rolla språk har i samfunnet, i kommunikasjon og i tenking. Du arbeider med det beste og viktigaste frå den nordiske litteraturen, med vekt både på kva dei nordiske kulturane har til felles, og kva som skil dei frå kvarandre.
Meir informasjon under
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke innehalde:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Kollokviegrupper
Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. For emna som inngår i spesialisering i nordisk språk og litteratur, er det om lag 16-20 timar undervisning i veka. Det er færre undervisningstimar når du skriv bacheloroppgåve.
Hos oss får du vere del av eit engasjert fagmiljø, der studentar og tilsette tek del i faglege diskusjonar, både på og utanfor campus. Det vert arrangert fleire ulike fagleg-sosiale tiltak om ei rekke ulike emne knytt til nordisk språk og litteratur.
Dersom du er interessert i å ha praksis som del av bachelorprogrammet, kan du ta PRAKTINF - Praktisk informasjonsarbeid. Emnet er aktuelt for studentar på femte eller sjette semester på bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur, og praksisplass vert tildelt etter interesser og evner.
Vi held til på Sydneshaugen skole, der det er eigne lesesalar for bachelorstudentar. Fakultetsbiblioteket for Det humanistiske fakultet ligg like ved instituttet i HF-bygget. Her er det godt med lesesalsplassar, og mykje av litteraturen er tilgjengeleg i opne hyller.
Det er mogleg å booke undervisningsrom for å jobbe i grupper. Dette er eit tilbod som blir meir og meir populært.
Meir om studiekvardagen ved HF
Jobb
Arbeidsgivarar treng tilsette som skriv gode norske tekstar og tenkjer strukturert, og som har kunnskap om tekst. Interessa for norsk språk, litteratur og kultur er dessutan aukande i utlandet. Ved å ta dette bachelorprogrammet blir du ein betre og meir analytisk lesar. Alle bransjar treng språkkompetente tilsette.
Med ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur, kan du jobbe til dømes:
- som lærar
- med forlagsarbeid
- med journalistikk
- med administrasjon
- med kulturformidling
- i bibliotek
- i kommunikasjonsbransjen
I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning får du òg kompetanse for undervisning i ulike skuleslag, og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrker.
Etter bachelorgraden kan søke deg til masterprogram i nordisk språk og litteratur, om du ønskjer vidare studiar hos oss.
Meir informasjon under
Kva lærer eg?
- Du får kunnskap i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid. I tillegg får du forståing av språket og litteraturen som ein del av den nasjonale kulturen, og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn.
- Hovudvekta ligg på norsk, og du får kunnskap og ferdigheiter i det språket og den litteraturen som er viktigast nettopp i Noreg. Du får lære om blant anna det norske språksystemet, norsk språkbruk og norske dialektar.
- Du får betre skrivedugleik både i bokmål og nynorsk, og lærer å analysere og drøfte språklege og litterære problemstillingar på ein fagleg måte.
Sjå heile lista over læringsutbyte
Oppbygging
Bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Tilrådd rekkefølge for emne i studiet:
1. semester (haust)
- Ex.phil, enten skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
- Ex.Fac. Språkkunnskap (10 studiepoeng)
- NORD100 Innføring i nordistikk (10 studiepoeng)
2. semester (vår)
3. semester (haust)
- NOLI103 Den eldre litteraturen (15 studiepoeng)
- NOSP105 Språkhistorie og talemål (10 studiepoeng)
- NOSP106 Den nordiske språkgreina (5 studiepoeng)
4.-5. semester (vår og haust)
- Delstudium i utlandet og/eller andre valfrie emne (60 sp.)
6. semester (vår)
- Obligatoriske spesialiseringsemne på 200-nivå med bacheloroppgåve (30 sp.)
Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren vår kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Her kan du sjå den detaljerte studieplanen for programmet.
Utveksling
Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie studiepoeng. Det er òg mogleg å reise på utveksling tidlegare. Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar deg.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.