Hjem

Russisk, bachelor, 3 år

Dette studiet er for deg som vil lære om språket, historia, litteraturen og kulturen til Russland, eitt av verdas største land, og vårt naboland. Her får du gå bak nyheitene og forstå utviklinga. Russiskkunnskapar er viktige for kontakt med landet, både kulturelt, politisk og innanfor handel og næringsliv.
  • Lengde3 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar15
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Noko av det studiet er oppteke av å finne svar på, er:  

  • Korleis har det russiske språket utvikla seg gjennom tidene?  
  • Korleis vart russisk litteratur ei verdslitteratur?  
  • Kva er samanhengane mellom utviklinga i samfunnet og utviklinga i språket og kulturen?  

I løpet av bachelorprogrammet får du òg moglegheit til å studere i Russland, og bli kjend med det russiske samfunnet og dagleglivet.  

Lær meir om russiskfaget.  

Studiekvardagen 

Bachelorstudiet i russisk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.   

Ei typisk veke kan innehalde:  

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Studentaktive undervisningsformer  

Det er sjølvstudium som gjeld når det ikkje er førelesing eller seminar. Sjølvstudiet kan vere organisert både som gruppearbeid eller individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe. 

På dette studiet er det tett oppfølging og mykje undervisning dei første semestera. Du blir del av eit relativt lite, men hyggeleg miljø og kjem i god kontakt med andre studentar på faget.  

I tredje semester reiser vi på eit seks vekers opphald til Petrozavodsk i Russland der vi bor på studentheim (med medstudentar og russiske studentar), drar på utflukter m.m. På turen blir du godt kjend med medstudentane dine. Du får god trening i å snakke og skrive russisk, og får sett litt av den interessante kulturen i landet.  

Studentane held til på lesesalane på Sydneshaugen skole. Det er også eit datarom studentane kan bruke i HF-bygget.  

Det er mogleg å booke undervisningsrom om du ønsker å jobbe i grupper. Dette er eit tilbod som blir meir og meir populært.  

Følg russiskfaget ved UiB på Facebook, for tips om blant anna arrangement og litteratur.  

Dersom du er interessert i å ha praksis som del av bachelorprogrammet, kan du til dømes ta PRAKTINF - Praktisk informasjonsarbeid. Praksisplass vert tildelt etter interesser og evner.   

Karriere 

I tillegg til kunnskapar i russisk språk, får du innsikt i landet og kulturen, og moglegheit til å utvikla evnene dine til å formulere deg kritisk, analytisk og strukturert - både skriftleg og munnleg.   

Fordi du har innsikt i det russiske samfunnet og kompetanse i språk, kultur og sjølvstendig refleksjon, er du attraktiv for ein rekke arbeidsgjevarar.  

Nokre aktuelle arbeidsplassar kan vere:  

  • Forlagsbransjen, til dømes som omsetjar eller anmeldar. 
  • Diplomatiet, viss du til dømes søker deg til aspirantkurset til Utanriksdepartementet.
  • Departementa, til dømes som tolk, konsulent eller rådgjevar 
  • Forsvaret 
  • Media, til dømes som journalist eller korrespondent 
  • Skolen, som russisklærar 
  • Næringsliv  
  • Internasjonale relasjonar 

UiB tilbyr masterprogram i russisk, om du ønsker vidare studiar hos oss.   

Meir informasjon under

Kva lærer du?  

Du lærer å forstå, snakke og skrive russisk, og å omsette mellom norsk og russisk. Du får bruke digitale hjelpemiddel, og kan dermed nytta kyrillisk både som handskrift og på tastatur.  

Du fordjupar deg i landet sin kultur, samfunn og historie. I tillegg utformar du sjølvstendige tekstar på russisk innanfor utvalde sjangrar, som referat og lesarinnlegg, og utviklar evnene dine til kritisk refleksjon og strukturert formulering av det skriftlege arbeidet.  

Sjå heile lista over læringsutbyte

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i russisk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.    

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester 

  • RUS100 Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk (10 studiepoeng) (dersom du ikkje kan dokumentere forkunnskap i russisk)  
  • EXPHIL (10 studiepoeng) 
  • EXFAC (10 studiepoeng) 

2. semester

3. semester

  • RUS130 Russisk språk II (10 studiepoeng) 
  • RUS131 Russisk litteratur I (10 studiepoeng) 
  • RUS132PZ Russisk språk og kultur i Russland (10 studiepoeng)  eller SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)  

4. semester 

  • RUS240 Russisk språk og språkvitskap (15 studiepoeng) 
  • RUS251 Russisk litteratur II (10 studiepoeng, bacheloroppgåve) 
  • LITTIF200 Litteraturteori (5 studiepoeng)   

5. semester 

6. semester 

Dei frie studiepoenga kan til dømes bruke på å dra på utveksling, eller du kan velje emne innanfor andre relevante fag.  

Sjå oversikt over alle kurs

Utveksling  

Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet i femte og/eller sjette semester, der du får finansiering frå Lånekassa. Vi har avtalar med fleire universitet i Russland: i Moskva, St. Petersburg, Perm og Petrozavodsk.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her