Hjem

Teatervitskap, bachelor, 3 år

Teatervitskap knyter saman teoriar om kunst og praktisk teater. Vi studerer skodespelarkunst, regi, dramaturgi og scenografi og korleis teateret kommuniserer med samfunnet og publikum. Teatervitskap er viktig for å forstå teateret i seg sjølv, men òg for å forstå litteratur, kunst, film og andre kultur- og kommunikasjonsformer.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på bachelorprogrammet i teatervitskap ved Det humanistiske fakultet.  

Frammøte: Studiestart er måndag 14.august kl 08.30. Her finn du oppmøtestad

Ta med: Ta gjerne med matpakke, og noko å drikke. 

ProgramProgram for velkomstveka ved Det humanistiske fakultet 

Bli klar som student: Alt du treng å vite til studiestart og program for velkomstveka finn du i «UiBtreet». I slutten av juli får du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang.

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller studieveileder@hf.uib.no.  

Velkommen til UiB
Foto/ill.:
Foto: UiB
  

Workshops med teaterutøvarar, ekskursjonar til utlandet og felles besøk på teaterframsyningar inngår i undervisninga, og du kan ha praksis ved teaterinstitusjonar eller i det frie scenekunstfeltet. 

I teatervitskapen drøftar vi spørsmål som: 

  • Kva rolle har teater og kunst i samfunnet?  
  • Kva betyding har teateret hatt gjennom historia?  
  • Korleis kan ein engasjere seg i teateret som praksisfelt?   

Teatervitskapleg kompetanse er etterspurd i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring. 

Bachelorprogrammet i teatervitskap samarbeider med teater- og kulturinstitusjonar i Bergen og resten av landet. Vi har dessutan nær kontakt med Studentteateret Immaturus, der mange av studentane våre er engasjerte. 

Jobb

Med ein bachelorgrad i teatervitskap får du både praktisk og teoretisk innføring i kva teater er og korleis det er viktig for samfunnet. Du får kunnskap som mellom anna mediebransjen har stort behov for. I tillegg får du unike kunnskapar om teater, samtidskunst og kritikk, som til dømes kan nyttast i informasjonsarbeid. Studiet gir eit godt fagleg grunnlag for deg som ynskjer å arbeide med teater, media eller film.  

Du kan til dømes arbeide med:  

  • teater- og kunstkritikk 
  • dramaturgi 
  • teater- og kunstproduksjon 
  • kulturadministrasjon     
  • instruksjon og regi 
  • undervisning 

Sjå kva jobbar kan du få med humanistisk utdanning

Meir informasjon under

Portrettfoto: Charlotte Myrbråten
Fagbakgrunnen min har hatt overraskende mye å si for karrieren.
Charlotte Myrbråten
Arrangementsansvarlig

Vidare studium

Når du er ferdig med bachelorgraden kan du også halde fram med masterprogrammet i teatervitskap. Med ein mastergrad kan du auke moglegheitene for ein relevant jobb og du får spesialisere deg innanfor dine interesseområde.    

Oppbygging 

Programmet omfattar tre akademiske år (seks semester) og startar i august. Oppbygginga av studieløpet ditt kan til dømes sjå slik ut:  

1. semester (haust) 

  • DKT100 Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 studiepoeng) 
  • Innføringsemne: Anten EXFAC00AS Akademisk skriving eller EXFAC00SK Språkkunnskap (10 studiepoeng)  
  • EXPHIL Examen philosophicum seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng) 

2. semester (vår) 

  • TEAT112: Moderne teaterhistorie (15 studiepoeng)  
  • TEAT115: Framsyningsanalyse og teaterkritikk (15 studiepoeng) 

3. semester (haust) 

  • TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 studiepoeng) 
  • TEAT113: Dramaturgi i teori og praksis (15 studiepoeng)  

4. og 5. semester (vår og haust) 

6. semester (vår)  

  • TEAT211 Teaterestetikk og teaterteori (15 studiepoeng  
  • Bacheloroppgåve: Praktisk eller teoretisk (15 studiepoeng)  

Det finst fleire moglegheiter når det gjeld oppbygginga av studieløpet ditt. Ta kontakt med studierettleiar for å få hjelp til å setje opp ein plan tilpassa deg og dine ynskjer.  

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag  

Bergen har eit av dei mest attraktive studiemiljøa i Noreg med ein særs vel utvikla studentkultur. Som bachelorstudent i teatervitskap får du tilgang til eit tett og engasjert fagmiljø som gir nær oppfølging til kvar student. Du vil kunne få kontaktar innanfor og utanfor Universitetet og det vert tilbode arbeidspraksis som kan gi deg ein forsmak på arbeidslivet. Vi drar også på ekskursjonar, der Berlin er eit mykje brukt reisemål. 

Undervisning og arbeidsmengde 

Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium. Ei vanleg studieveke vil innehalde ca. åtte timar undervisning og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid og gruppearbeid.  

Teatervitskap er bygd opp med:  

  • forelesingar 
  • seminargrupper 
  • praktiske øvingar 
  • ekskursjonar 
  • praksis 

Frie studiepoeng 

I løpet av bachelorgraden har du eit heilt studieår (60 studiepoeng) du kan fylle med kva du vil. Det vil seie at du har moglegheita til å fordjupe deg i andre estetiske fag, i filosofi eller språk ved UiB eller du kan reise utanlands. Er du usikker på kva fag du ynskjer eller bør velje, kan du snakke med studierettleiar.  

Kva lærer eg?  

Gjennom bachelorprogrammet i teatervitskap lærer du korleis du kan engasjere deg og verte ein god medspelar i kultur- og teaterlivet.  

Du får:  

  • brei kunnskap om teateret si historie
  • gode kunnskapar om skodespelarkunst, dramaturgi og regikunst
  • grunnleggjande kunnskapar om teaterteoriar og estetiske teoriar
  • god kunnskap om faget si relevans i teaterproduksjon, kritikk og formidling

Full liste med læringsutbyte

Utveksling  

Som bachelorstudent i teatervitskap kan du reise på utveksling til utlandet. Teatervitskap har avtalar med universitet i blant anna Tyskland, Belgia, Litauen og Den Tsjekkiske republikk. Du kan også reise til land utanfor Europa.  

Kontakt studierettleiar om du treng meir informasjon om utveksling.   

Les meir om utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her