Informatikk: Datatryggleik (datasikkerhet), bachelor, 3 år
- Lengde3 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar45
- OpptakskravREALR2
- Studiepoeng180
- StartHaust
Datamaskiner, telefonar og anna elektronisk utstyr som kommuniserer over Internett utgjer ein av dei viktigaste infrastrukturane i samfunnet i dag. Det er nødvendig å beskytte desse systema mot feil og angrep som for eksempel datainnbrot, skadevareinfiltrasjon, spionasje eller sabotasje. Slike angrep kan påføre samfunnet, næringslivet og enkeltindividet mykje skade. Etter kvart som stadig fleire ting og infrastrukturar blir kopla til tingas internett (IoT) vil skadepotensialet bli enda større.
Det er eit stort behov for kompetanse innanfor datatryggleik i dag – verdssamfunnet manglar mellom to og seks millionar utdanna fagfolk akkurat no.
På studiet i datatryggleik identifiserer vi truslane mot integritet, konfidensialitet, tilgjengelegheit og andre funksjonar som er nødvendige i eit effektivt internett, og fokuserer på metodar og verktøy for å beskytte oss mot desse truslane, som krypteringsfunksjonar, kryptoprotokollar og brannmurar. Dette er eit spennande fagfelt i konstant og rask utvikling.
Studiet krev at du forstår matematisk og logisk tenking. Tryggleik handlar òg om å forstå korleis ein angripar tenker, og å føresjå alle typar angrep – litt som ein sjakkspelar.
Korleis er det å studere informatikk? Sjå intervju og videoar
Meir informasjon under
Informatikk åpner en ny verden
Jobb
Det er stor mangel på spesialistar på IT-tryggleik, og utsiktane til å få jobb er svært gode. Dei som har denne bachelorgraden jobbar
- i store og små bedrifter
- på statlege arbeidsplassar, både militære og sivile
- i IT-konsulentselskap
Det er gode moglegheiter for å arbeide i utlandet.
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk (vel mellom sju forskjellige studieretningar, herunder sikker og påliteleg kommunikasjon), eller masterprogram i programutvikling ved Institutt for informatikk.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i informatikk: datatryggleik er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester:
- Ex.phil (10 studiepoeng) Kva er ex. phil?
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
2. semester:
- INF140 Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
- INF101 Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
- MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
3. semester:
- STAT110 Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
- INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
- DAT103 Datamaskiner og operativsystem (tas på HVL) (10 studiepoeng)
4. semester:
- INF142 Datanett(10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
- MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng)
5. semester:
- INF143 Tryggleik på internett (10 studiepoeng)
- INF214 Multiprogrammering (10 studiepoeng)
- INF226 Programvaresikkerhet (10 studiepoeng)
6. semester:
- Valemne (til saman 30 studiepoeng)
Studiekvardagen
Bachelorstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. I tillegg vil du bruke tid på lesesalen med pensumlitteratur. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne i studieløpstabellen.
Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Der finst det òg PC-rom du kan bruke, eller du kan sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har eit eige fagutval som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar.
Dei fleste emna i studieprogrammet er obligatoriske. Det er òg 4 emne du kan velje heilt fritt blant tilbodet til UiB. Sjå kva emne UiB tilbyr.
Kva lærer du?
Med denne utdanninga:
- har du god kjennskap til og erfaring med dei vanlegaste tryggleiksutfordringane og sårbarheitene i data- og kommunikasjonssystem.
- beherskar du metodar for å sikre system mot desse utfordringane.
- har du erfaring og kunnskap tilstrekkeleg til å delta i arbeid med å analysere tryggleik og sårbarheit i data- og kommunikasjonssystem.
- kan du gjere greie for og anvende programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre system
Sjå heile lista over læringsutbytet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Hong Kong eller Tyskland eller ein annan plass.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Søknadsfristen er 15. april.