Kunsthistorie, master, 2 år
- Lengde2 år
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Kunsthistorie utforskar alle aspekt av det visuelle, frå forhistorisk grottemaleri til samtidskunst i eit globalt perspektiv. Vi ser på biletkunst, arkitektur og byplanlegging, fotografi, og museologi. Det åpner også for tverrfaglege perspektiv, mellom anna ved å sjå på visuell kultur i brei tyding. Nokre stikkord her er kjønnsteori, postkolonial teori, samt til dømes kunstarkeologi, nevroestetikk og vitskapsbilete. Kunsthistorisk teori og metode er ein viktig del av masterstudiet.
Vi går i djupare i spørsmål som:
- Kva er "kunst"? Finnest det ein "god smak" og kva er det?
- Korleis lese museumsutstillingar?
- Korleis speler kunst, arkitektur og andre medium saman?
- Kva rolle speler digitalisering for den visuelle kulturen?
- Korleis kan ein forstå fotografiet som sanningsvitne?
- Kva er minnesmerker og kulturarv? Kva forkulturelle rolle har dei?
På masterprogrammet i kunsthistorie får du kombinere det akademiske og det kreative. Du lærer å tolke bildekunst, fotografi og arkitektur både historisk og i samtidsperspektiv. Du får erfaring med kombinasjonen av visuell og verbal kommunikasjon og får øving i skriftleg og verbal formidling. Du lærer å tenke kritisk og å jobbe sjølvstendig.
Kunsthistorikaren kan bidra til kritisk tenking kring kunsten si rolle i samfunnet, til dømes i høve til offentleg ordskifte om museas rolle og ansvar, utforminga av urbane miljø, offentleg utsmykking, forvaltning av kulturarv og kulturutvikling. Næringslivet og offentlege etatar treng folk med humanistisk bakgrunn for å få eit historisk og estetisk perspektiv på teknologiske og økonomiske spørsmål.
Les meir om hendingar og ny forsking ved kunsthistoriefaget.
Jobb
Studentar med mastergrad i kunsthistorie jobbar sjølvstendig, kan tileigna seg analytisk praksis og evne til kritisk refleksjon.
Studentane våre får jobbar som blant anna:
- Kurator på museum og galleri med formidling og utstilling.
- Formidlar og journalist innan kunst- og kulturformidling og kunstkritikk.
- Sakshandsamar eller ekspert innan kulturminnevern/fortidsminneforvaltning.
- Undervisar på ulike utdanningsinstitusjonar.
- Fagperson med visuell kompetanse innan media, marknadsføring og design.
- Rådgivar og andre roller innan administrasjon.
Etter fullført mastergrad kan du søke opptak til ph.d.-program. Med ein ph.d.-grad kan du søke stilling på universitet, som post-doktor, førstelektor eller førsteamanuensis.
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterprogrammet i kunsthistorie er eit toårig heiltidsstudium som startar i august.
Første semester:
Andre semester:
- Valfritt: KUN321 Seminarinnlegg; KUN323 Prosjektarbeid på forskingsprofil, KUN256 områdestudium med bacheloroppgåve (KUN251, 253, 254, 255, 258, 259 kan erstatte 321 eller 323). Frie studiepoeng. Utveksling.
Tredje og fjerde semester:
- Obligatorisk: KUN350 Mastergradsoppgåve
Studiekvardag
Masterprogrammet i kunsthistorie har undervisning i form av forelesingar, seminargrupper og feltkurs, cirka 5 timar i veka. Undervisninga blir gitt på norsk og andre skandinaviske språk. I tillegg vil du bruke mykje tid på sjølvstudium og på å skrive masteroppgåva. Litteraturen er på norsk og engelsk.
Som masterstudent kan du bli med i ei relevant forskargruppe. Du får òg ein eigen pult ved instituttet.
Masteroppgåve
I emnet KUN311 Kunsthistorie: prosjektførebuing og oppfølging får du tips om tema for masteroppgåva og hjelp til utforming av prosjektskisse. Rettleiar blir tildelt ut frå det fagområdet du vel. Rettleiar kan hjelpe deg med å utforme problemstillingar, finne relevant litteratur og gi tilbakemelding på skrivne utkast undervegs i prosessen.
Feltarbeid
Du kan reise på eitt semester, gjerne i andre semesteret. Opphaldet er sjølvfinansiert, men du kan søke om utanlandsstipend. Det finst òg stipend t.d. til Det norske institutt i Roma og Det norske institutt i Aten.
Kva lærer du?
Dette er det viktigste du lærer på masterprogrammet i kunsthistorie:
- Du har avansert kunnskap om den kunsthistoriske forskingshistoria og om utvalde emne innan vestleg biletkunst, arkitektur og visuell kultur, og spesialisert kunnskap om eit avgrensa kunsthistorisk felt (tema for masteroppgåva)
- Du kan gjere kritiske vurderingar av kunsthistoriske kjelder, gjere sjølvstendige vurderingar i estetiske spørsmål og utforme sjølvstendige, faglege resonnement knytta til fortolking av visuelle medier, så vel som metode og teori i faget.
- Du kan kan formidle kunnskapen din munnleg og skriftleg for både spesialistar og eit breiare publikum, og opptre som sakkyndig deltakar i faglege debattar på spesifikke felt.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt semester til Italia, Hellas, Russland, Spania, Danmark eller Frankrike.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.