Hjem

Lektor historie eller religion, master, 5 år

For å bli ein dyktig og engasjert lærar må du ha både fagleg og pedagogisk kompetanse. Lektorutdanninga gir deg det du treng for å bli læraren som får elevane til å undre seg over religion og religiøsitet på tvers av kulturar og som set fortid, notid og framtid i samanheng. Kven er vi? Kor kjem vi frå? Kvifor ser samfunnet ut som det gjer?
  • Lengde5 år
  • Plassar11
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Gjennom studium og praksis får du undervisningskompetanse i to fag. Det eine faget tar du master i, enten historie eller religionsvitskap. Begge faga er sentrale skulefag og undervisning i desse faga gir elevane oversikt og innsikt i menneska sine liv frå tidlege tider og fram til i dag.  

Historie er faget om fortida til menneska om samhandling og konflikt i ulike samfunn frå antikken til i dag, lokalt, nasjonalt og globalt. Faget handlar om kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og om kva klasse, nasjonalitet og etnisitet, alder og kjønn har å seie for samfunnsutviklinga. 

Religionsvitskap er studiet av religion i alle deler av verda, til alle tider. Den amerikanske presidenten ber Gud om å velsigne USA. Kvifor? Dei gamle egyptarane mumifiserte sine døde. Kvifor? Vert menneska mindre religiøse, eller meir?  Religiøse førestellingar og praksisar har prega, og pregar fortsatt, menneska både som individ, så vel som samfunn. Religionsvitskap er faget der du lærer om dette. 

Du får òg undervisningskompetanse i eit fag nummer to, enten tysk, fransk, spansk, nordisk, religionsvitskap eller sosiologi (samfunnskunnskap).  

Du får eit solid grunnlag i dei to undervisningsfaga, og lærer kritisk refleksjon rundt fag, undervisning og læring. I tillegg inneheld studiet pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi underviser fag ) og praksis.  

Meir informasjon under.

Meir informasjon under

Slik er lektorutdanningen på UiB

Produsent:
Mount Visual

Jobb

Som lektor er du først og fremst kvalifisert til å jobbe som lærar i den vidaregåande skolen eller i ungdomsskolen. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag.  Det er stort behov for lektorar i skolen, og lektorar frå UiB er kjende for å ha solid fagleg tyngde. 

Utdanninga opnar også for andre yrkesvegar innan formidling eller forsking.  

Du kan søke deg vidare til ph.d.-programmet etter fullført lektorprogram med mastergrad. 

Oppbygging

Lektorprogrammet er eit femårig fulltidsstudium som startar i august. Studiet er sett saman av pedagogikk, didaktikk, praksis og fagfordjuping.  

Du vel to ulike fag som blir undervisningsfaga dine. 

Fag 1. Faget du fordjupar deg mest i, og skriv masteroppgåve om.  

  • Vel mellom historie og religionsvitskap

Fag 2. Det andre faget du vil kunne undervise i. 

  • Vel mellom historie, religionsvitskap, engelsk, fransk, spansk, tysk eller nordisk 

Sjå fullstendig tabell over alle emne i din fagkombinasjon her.

Dette er felles for alle på studiet: 

1. semester (haust) 

2. semester (vår) 

  • Emne i fag 1 (masterfaget ditt) (30 studiepoeng) 

3. semester (haust) 

  • Emne i fag 1 (20 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk i fag 1 (5 studiepoeng) 
  • PEDA121 Ulike vegar til læring (5 studiepoeng) KOPRA102, 8 dagar praksis

4. semester (vår)

  • Emne i fag 2 (det andre undervisningsfaget ditt) (30 studiepoeng) 

5. semester (haust)

  • Emne i fag 2 (20 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk i fag 2 (5 studiepoeng)
  •  PEDA122 Lærarprofesjonen, skolen og samfunnet (5 studiepoeng)
  •  KOPRA103, 12 dagar praksis 

6. semester (vår)

  • Emne i fag 1 (15 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk i fag 1 (5 studiepoeng)
  • Emne i fag 2 (10 studiepoeng )med bacheloroppgåve 
  • Mogleg å reise på utveksling 

7. semester (haust) 

  • Emne i fag 1 (25 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk i fag 2 (5 studiepoeng) 
  • LAPRA101 (langpraksis i 28 dagar) 

8. semester (vår)

  • Emne i fag 1 (10 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk i fag 1 (10 studiepoeng) 
  • PEDA123 (10 studiepoeng) 
  • LAPRA102 (langpraksis i 40 dagar) 

9. semester (haust) og 10. semester (vår)

  • Masteroppgåve i fag 1 (60 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardagen

Lektorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I løpet av studiet vil du studere faget ditt både som universitetsfag og som undervisningsfag i skolen, gjennom teori og praksis. I praksisperiodane, som er fordelt gjennom studiet, vil du få undervise faget i skolen og lære ulike måtar å formidle kunnskap på til forskjellige elevgrupper. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve innanfor eit tema du vel i samarbeid med rettleiaren sin. Her får du moglegheit til å forske sjølv, og fordjupe deg innanfor ditt interesseområde i eit heilt år. 

Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet. 

Historie og religion held til på Det humanistiske fakultetet i Øysteins gate på Sydnes i Bergen sentrum. Her finn du òg lesesalar, PC-rom og bibliotek. Dei som jobbar med masteroppgåva sit på ein eigen lesesal. 

Lektorstudentane ved HF har eit eiga samlingsrom, “Lektors kontor”. Her kan lektorstudentane øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper. Rommet er òg ein sosial møteplass.  

Undervisning

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha rundt 16-20 timar undervisning, som forelesningar og seminargrupper. I dei semestera du skriv bacheloroppgåve og masteroppgåve er det mindre undervisning, slik at du kan konsentrere deg om sjølvstudium og skriving. I tillegg vil du ha periodar med praksis ute på ein skole. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne i studieplantabellen under.

Praksis i skolen

Praksis er ein sentral del av lektorutdanninga. Til saman skal du ha 100 dagar praksis i løpet av fem år, inkludert forarbeid og etterarbeid. Praksis skal vere både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. I dei første åra vil det vere kortpraksisperiodar, mens det er langpraksisperiodar i det fjerde året. All praksis er obligatorisk.  

UiB ordnar alle praktiske sider ved praksisutplasseringa.  

Kva er obligatorisk?

Du vel to fag: fag 1, som er masterfaget ditt, og fag 2. Dette blir undervisningsfaga dine når du er ferdig utdanna. 

Når fag 1 og fag 2 er valde, er mykje av studiet lagt: Grunnutdanning i dei to faga, saman med fagdidaktikk og praksis er obligatorisk. 

Masteroppgåva 

Du kan velje mellom å skrive masteroppgåve med fokus på ei fagleg problemstilling eller ei fagdidaktisk problemstilling – religion og historie som undervisningsfag. Oppgåva er på 60 studiepoeng, så du får ei solid fordjuping både i temaet ditt og forskingsmetodane i faget. 

Les meir om lærarutdanning ved UiB. 

Kva lærer du?

Ein ferdig utdanna lektor: 

  • har avansert kunnskap i sine to utdanningsfag og spesialisert innsikt i eit relevant fagområde  

  • kan nytte forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å skape gode faglege og sosiale læringsprosessar 

  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til yrkesutøvinga på eit  høgt fagleg nivå 

Sjå full liste over læringsutbyte

Meir om lærarutdanning ved UiB.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester. Vi har avtalar med universitet i England, U.S.A., Australia, Tyskland og Frankrike. I tillegg kan du reise til ei rekke andre universitet i Europa og elles i verda. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her